Førebels er det enno ikkje påvist Korona-smitte i Midt-Telemark og Nome, men det er til saman tatt fem nye prøver i dei to kommunane denne veka. Svaret på dei er enno ikkje klart.
– Det er ingen grunn til panikk. Midt-Telemark kommune har sett i verk gode rutinar for å møte smittefaren etter utbrotet av koronaviruset, seier kommunelege i Midt-Telemark og Nome, Kristin Sekse.
Ho kom med ny oppdatering på Korona-smitte i vårt område tysdag 10. mars . Den ligg på kommunens heimsider. Der ligg det også opplysningar om at Helsedirektoratet har oppretta ein eigen informasjonstelefon. Nummeret dit er 815 55015.
– Det er framleis ein del som testar positivt for korona-virus i Noreg. Telemark og Vestfold har relativt få som er bekrefta smitta til no, og i Midt-Telemark og Nome kommunar er det ikkje påvist smitte ennå. Det er tatt til saman 5 nye prøver i dei 2 kommunane, på mistanke om korona-smitte til no denne veka; svar føreligg ikkje enno.
Kan ikkje teste alle
Kommunelegen opplyser at det er avgrensa kor mange ein kan teste for koronavirus, og at det er to årsaker til dette.
– Det er mangel på smittevernutstyr for dei som skal ta prøvene, og det er avgrensa med test-reagensen som ein brukar til å påvise viruset, seier ho, og anbefaler alle innbyggjarar å følgje med på www.fhi.no for oppdatert informasjon, i tillegg til å vere ekstra påpasseleg med god handhygiene og hoste- og nysehygiene.
Definisjon av mistenkt smitte
Folkehelseinstituttet (FHI) kom i løpet av føregåande helg med nye retningslinjer for karantene og land med pågåande smittespreiing. Ifølgje instituttet er definisjon av mistenkte tilfelle pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom; kortpusta, feber, hoste, som i løpet av dei siste 14 dagane før dei vart sjuke, oppfyller minst eitt av følgjande:* Har vore i område med utbreidd spreiing av covid-19: Hubei-provinsen i Kina, Iran, Sør-Korea, Italia og Tirol i Østerrike. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/* Har vore i nærkontakt med person som har bekrefta covid-19 smitte.* Har pleia/behandla eller hatt tilsvarande kontakt med pasient som er smitta med covid-19.* Har vore på reise utanom Norden og er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid (inkludert studentar):*Har vore på reise utanom Norden og er innlagt i helseinstitusjon.
Definisjon av nærkontakt med bekrefta sjuk med covid-19:
Har budd i same husstand
Hatt direkte kontakt med (til dømes handhelsing)
Hatt direkte kontakt med spytt/ blitt hosta på
Hatt nærkontakt ansikt til ansikt under 2 meter i meir enn 15 minutt
Opphald i avgrensa miljø (møterom, klasserom, venterom e.l.) i meir enn 15 minutt på mindre avstand enn 2 meter.
Pleie/behandling utan tilrådd beskyttelsesutstyr
Har site i nærleiken av (to sete eller nærmare i alle retningar) smitta person på fly
Har vore i same reisefølge.
Desse er tilrådd heimekarantene:
Alle personar som har vore i område med utbreidd spreiing av koronavirus, skal halde seg heime i 14 dagar etter heimkomst (med tilbakeverkande kraft), uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Legg merke til at område med utbreidd spreiing er utvida til heile Italia, OG Tirol i Østerrike.
Nærkontakt til personar med positiv test på koronavirus, inkludert dei som bur saman med personen.
Helsepersonell som bur i same husstand som personar der det er mistanke om smitte, inntil svar på prøve er klart.
Heimekarantene tyder:
Kan gå ut av eigen heim, men bør unngå nær kontakt med andre. Ikkje gå på jobb eller skule. Unngå reiser og ikkje ta offentleg transport. Unngå stader der ein lett kjem i kontakt med andre. Nærkontaktar må vere i heimekarantene i 14 dagar etter siste kontakt med pasient som har påvist viruset. Dette gjeld også om ein har testa negativt for viruset.
Desse er tilrådd heimeisolering:
Dei som er bekrefta smitta med covid-19-viruset.
Dei som er mistenkt smitta, som har symptom, og som har blitt testa for covid-19, der prøvesvaret ikkje er klart ennå.
Heimeisolering tyder:Ein må halde seg heime. Helsepersonell som eventuelt skal besøke pasienten, må bruke smittevernutstyr.VIKTIG: Det er låg eller ingen risiko for at personar som ikkje har symptom som feber, hoste, sår hals, tung pust, er smitteførande, sjølv om dei har vore i kontakt med personar som er smitta.Det er mange som er sjuke med sesonginfluensa og forkjøling no, og det er derfor viktig å presisere at det er aller størst sjanse for at det er dette folk flest er sjuke av.Skular og barnehagar: Då det ikkje er påviste tilfelle av koronasmitte i våre kommunar ennå, har det ikkje vore aktuelt å stenge klassar/skular på grunn av dette. Det har blitt gitt råd i enkeltsaker vedrørande eventuell karantene i påvente av svar til nærkontaktar. Inntil vidare er dette gjeldande, men kan endre seg raskt dersom det blir påvist smitte i vårt område. Kommunen førebur i løpet av denne veka korleis me skal handtere dette, dersom det skjer.Arrangement: Fleire stader blir arrangement avlyst eller flytta, for å forsøke å hindre smitte til mange. Per i dag er det opp til kvar enkelt kommune å vurdere tiltak, inntil vidare. Her vil det vere viktig at arrangørane tek kontakt med kommunen for råd fortløpande.Næringsliv og kultur: Me ser alt no samfunnsmessige konsekvensar av koronaviruset, langt ut over det helsemessige. Det vil også ha konsekvensar for næringslivet i kommunane, og det vil vere ekstra viktig med god dialog framover.
Kommunale institusjonar, eldre og sårbare grupper:
Det aller viktigaste framover, blir å prøve å beskytte særleg risikogruppene og dei eldre mot koronavirus. Dette kan me bidra med alle saman, ved 3 ENKLE TILTAK:
GOD HANDHYGIENE
GOD HOSTEHYGIENE; hoste i papirlommetrøkle eller albogekroken .
IKKJE SMITTE ANDRE: Er du forkjøla eller har influensa: IKKJE BESØK ELDRE, SJUKE ELLER ANDRE SOM ER I RISIKOGRUPPENE før du er frisk igjen.