HEIMEKONTOR: Dei tilsette i Midt-Telemark kommune har rapportert om korleis dei har hatt det på heimekontor. 
DELEGERER. Kommunestyret lar nå formannskapet bestemme covid-19-tiltak.

SAMARBEIDSKLIMAET HAR ENDRA SEG: Kommunehuset er arena for samarbeid mellom politisk og administrativ leiing i Midt-Telemark kommune. Tre kommunalsjefar som har sagt opp, peikar på vanskelege samarbeidstilhøve. Arkivfoto.
INGEN LOKALE TILTAK: Det blir ikkje innført nokre lokale smittevernstiltak, det har ikkje kommunen heimel til slik situasjonen er nå. FOTO: Hilde Eika Nesje

Korona-viruset:

Kommunen anbefaler å setje grense ved 50 personar

Kommuneoverlegen i Midt-Telemark fråråder nå å gjennomføre arrangement som samlar meir enn 50 personar.

Etter eit felles møte mellom Nome og Midt-Telemark kommunar onsdag ettermiddag, anbefaler nå kommuneoverlege Kristin Sekse å ikkje arrangere planlagte tilstelningar som samlar meir enn 50 personar. Anbefalinga går ut til næringslivet, arrangørar, lag og foreiningar i heile kommunen.

– Ved gjennomføring av arrangement bør alle dessutan bli minna om tiltaka som den enkelte kan gjere for å redusere smitte, heiter det i ei pressemelding.

Avgjersla er strengare enn det nasjonale helsemyndigheiter gjekk ut med tysdag kveld, der grensa er 500 personar og at ein må vurdere arrangement med samling av fleire enn 100 personar frå tilfelle til tilfelle.

Ikkje smitte i Midt-Telemark

Det er ifølgje informasjon frå kommunen enno ikkje påvist koronasmitte i Midt-Telemark, og kommuneoverlegen oppfordrar nå alle til å jobbe saman for å unngå det.

– Me oppfordrar alle innbyggjarar, lag og organisasjonar, arrangørar og næringsliv til saman å ta omsyn til kvarandre og med det verne om dei av oss som ikkkje vil tole utbrot av smitte. Alle kan gjere noko og alle kan bidra, heiter det i skrivet frå kommunen.

Tre enkle tiltak

Fortsatt er det tre enkle tiltak som den enkelte kan gjere for å hindre spreiing av smitte. Det er som tidlegare opplyst god handhygiene, god hostehygiene ved at ein hostar i eit papirlommetørkle eller i albogehola, samt å ikkje smitte andre. Dersom ein er forkjøla eller har influensa bør ein derfor ikkje besøke eldre, sjuke eller andre om er i risikogruppa før ein er frisk.

https://boblad.no/2020/03/11/ma-avlyse-innsamlingsaksjon/

Tre enkle tiltak mot smitte

Som enkeltperson kan me bidra med tre enkle tiltak mot spreiing av koronasmitte:

1. God handhygiene

2. God hostehygiene; hoste i papirlommetørkle eller i albogehola

3. Ikkje smitte andre; er du forkjøla eller har influensa: IKKJE besøk eldre, sjuke eller

andre som er i risikogruppene før du er frisk igjen.