MÅ AVLYSE BØSSEBERING. Bø-russen får ikkje fullført innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft. Det er aksjonskomitéen lei seg for. F.v Anette Nordskog, kartansvarleg, Jon Simon Bø, sekretær, Karianne Haslekås, verveansvarleg, Levon Tadevosian, økonomisjef. Aksjonsleiar Karoline Fredly og pr-sjef Marie Myhra var ikkje til stades da biletet blei tatt.

Russen må avlyse innsamlingsaksjon

Russen ved Bø vidaregåande skule må avlyse innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft på grunn av koronasmitten. Det går likevel an å støtte dei digitalt.

Den årlege innsamlingsaksjonen til russen, Krafttak mot kreft, blir amputert. Kreftforeininga sentralt har nå bestemt seg for å avlyse all fysisk innsamling med bøsser.

– Det er me svært lei oss for, men me må følgje rådet me har fått, seier økonomiansvarleg Levon Tadevosian i aksjonskomiteen.

To aksjonsdagar

Bø-russen har i år valt å gå rundt med bøsser to ettermiddagar. Måndag denne veka samla dei inn pengar i store delar av Bø, Gvarv, Seljord og Drangedal. I morgon, torsdag, var planen å ta resten.

– Me skulle gått rundt med bøsser i resten av Bø, på Akkerhaugen, Hjuksebø, Nordagutu og Hørte i morgon, torsdag. Det får me dessverre ikkje gjort nå, seier Tadevosian.

Kan likevel gje

Han understrekar at det likevel er muleg å bidra for dei som vil.

– Folk kan vippse pengar til 421008 dersom dei vil, eller sende pengar direkte til konto. Målet er sjølvsagt fortsatt å få inn mest muleg pengar til aksjonen, seier Tadevosian.

Fjorårets Bø-russ samla inn 130.000 kroner. Krafttak mot kreft er Kreftforeiningas årlege innsamlingsaksjon, og er i år øyremerkt kreftformer som få overlever. Målet på landsbasis er å samle inn 45 millionar kroner.