DIGITALT: Fram til 18. januar er det digital undervisning ved USN, men campus er open.
SMITTETILFELLE. Ein student ved Universitetet i Midt-Telemark har testa positivt på covid-19.

Universitetet stoppar all undervisning

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) stoppar all undervisning på campus torsdag 12. og fredag 13. mars. Frå måndag skal all undervisning foregå digitalt.

På USN sine heimesider blir det onsdag opplyst om at all undervisning på campus blir stoppa resten av denne veka, bortsett frå digital undervisning. Avlysinga gjeld også obligatorisk undervisning.

Bare digital undervisning

Frå og med måndag neste veke blir det bare digital undervisning. Også rettleiing vil gå føre seg digitalt. Viss dette ikkje er muleg, skal ein avlyse undervisninga. Dette vil gjelde fram til påske, til og med måndag 13. april. Ifølgje nettsida til USN vil ny vurdering bli gjort før påske.

Studentar som ikkje har tilgang til nett heime, kan få sitje i USN sine lokale. Studentar som er ute i praksis skal fortsetje denne ut perioden, men følgje dei retningslinjene og råda som dei får på praksisstaden.

Tilrettelegg eksamen

– Me arbeider for å tilretteleggje for digital eksamen, og kjem tilbake med ytterlegare opplysningar om det. Studentar som har eksamen i vekene før påske skal gjennomføre eksamen heimefrå, står det på heimesidene til USN, og ein forsikrar om at institusjonen vil ivareta studieprogresjonen til studentane.

– Studentane skal få sikra ei vurdering som er upartisk og fagleg, sjølv om eksamensforma vil vere annleis enn det som står i emneplanen, heiter det.

Heimekontor

Ein opplyser elles at alle campusar kjem til å vere opne mellom klokka 08.00 og 18.00. Bibliotek, grupperom, treningssenter og andre fellesrom vil vere tilgjengeleg i opningstida. Dei som har adgangskort vil ha tilgang til bygga utover opningstida. Kafear og kantiner vil ha redusert tilbod.

For dei tilsette anbefaler USN heimekontor dersom arbeidet tillet det, og ein er ikkje pålagt å vere til stades. Også dette gjeld til og med 13. april.

https://boblad.no/2020/03/11/ma-avlyse-innsamlingsaksjon/