KJEM TIL BØ: Statsminister Erna Solberg besøker Bø komande veke.
KJEM TIL BØ: Statsminister Erna Solberg besøker Bø komande veke. FOTO: regjeringen.no

– Ein dugnad som alle må vere med på

Regjeringa innfører nå svært strenge tiltak som grip inn i folks privatliv og kvardag. Dette blir gjort for å begrense spreiing av koronasmitte, og det blir understreka at det er viktig at alle i Noreg følgjer påboda.

– Alle landets barnehagar, skular, ungdomsskular, videregåande skular, høgskular og universitet blir stengt, sa statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse klokka 14 i dag. På pressekonferansen var også helseminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg. Saman la dei fram ei rekkje tiltak for i størst muleg grad å hindre spreiing av koronaviruset.

– Viktig at alle er med

Statsministeren sa at me nå er over i ein ny fase i kampen mot koronasmitten, og fordi viruset smittar der folk er samla, er det viktig med strenge tiltak og heilt avgjerande at alle er med på dugnaden for å bekjempe smitten.

– Me må beskytte oss sjølv for å beskytte kvarandre, og det handlar spesielt om å ta omsyn til folk i risikogruppa, som eldre, kronisk sjuke og andre utsette grupper. Me skal ikkje klemme og bruke handtrykk, men halde avstand. Det vil krevje mykje av oss alle, derfor må me bry oss og hjelpe kvarandre som best me kan, sa statsministeren.

Ho sa vidare at scenariet viser at fleire nordmenn truleg vil dø av korona-viruset, og truleg vil planlagte operasjonar bli utsett på grunn av kapasitetsproblem.

Drastiske tiltak

– Me set derfor i verk drastiske tiltak i håp om å stanse vidare spreiing. Desse tiltaka er dei mest inngripande i Noreg i fredstid, og vil ha stor innverknad både på den personlege fridomen og dessutan gripe sterkt inn i kvardagen vår. Det er heilt nødvendig nå, og det står politikarane samla om.

– Me må nå hugse kven me skal verne om. Me kan derfor ikkje overlate barnepass til besteforeldre i risikogruppa, sa Solberg, og la til at sjukedagar med barn kjem til å bli utvida i regelverket.

– Me skal også med økonomiske bidrag hjelpe bedrifter og bidra til i den totale pakka framover, sa Solberg.

– Tiltaka me nå har fatta blir ei belastning både for verksemder og familiar. Helsepersonell førebur seg på den største utfordringa dei har møtt, men me har tillit til dei som jobbar i helsesektoren. Nå må alle tenkje på kva dei kan gjere for å begrense smitte. Tar me hardt i nå, kan me kanskje sleppe litt opp seinare.Også næringslivet er tent med at smitten ikkje spreier seg. Me må setje liv og helse først, seier Statsministeren.

Konkrete tiltak

Helseminister Bent Høie presenterte dei konkrete tiltaka som regjeringa nå kjem med.

– Me brukar dei sterkaste verkemidla me har i verktøykassa. Mange vil oppleve dei som strenge, men dette er ein dugnad som me er nøydd til å ta i fellesskap og på vegner av fellesskapet, sa Høie på pressekonferansen.

– Sjølv om ein ikkje sjølv er redd for å bli smitta, må alle vere me på å begrense smitte av omsyn til dei eldre og sjuke rundt oss. Grepa me nå gjer kan skape frykt hos nokon. Eg håpar dei også vil skape tryggleik hos mange, og sikre dei som blir sjuke framover.

Dette blir stengt

Helsedirektoratet har fatta vedtak med hjemmel i smittevernloven § 4-1 andre ledd om forbod mot eller stenging av følgjande:

  • Kulturarrangement
  • Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs
  • Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstader der det foregår servering av mat, det vil seie kantiner og spisestader som kan leggje til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand. Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, holltaking(piercing) og liknande
  • Symjehaller, badeland og liknande

– Må ikkje hamstre

Helseministeren understrekar at varehandelen vil halde ope, så det er ingen grunn til å hamstre mat, men følgje råda frå nasjonal beredskapsplan om kva det er lurt å ha på lager heime.

Reiseforbod for helsepersonell

Han opplyste også om at helsepersonell som jobbar med pasientar får forbod mot å reise, både i teneste og privat. Dei vil få desse kostnadane kompensert. Dette gjeld førebels frå og med i dag, 12. mars klokka 18, til ut april.

Barnepass

Barn med foreldre i samfunnskritiske jobbar får omsorgstilbod når foreldra må på jobb. Kritiske samfunnsfunksjonar er, ifølgje Beredskapsutvalget:

• Styring og kriseleiing • Forsvar • Lov og orden • Helse og omsorg • Redningstjeneste • IKT-sikkerheit i sivil sektor • Natur og miljø • Forsyningssikkerheit • Vant og avløp • Finansielle tjenester • Kraftforsyning • Elektroniske kommunikasjonstjenester • Transport • Satellittbaserte tjenester

Mange kan allereie vere smitta

Direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, opplyste om at koronasmitten spreier seg raskt i Europa nå, og at det må målretta handling til. Det har gått frå å vere utbrot til å bli ein epidemi som har spreidd seg til heile verda. I går gjekk Verdas helseorganisasjon, WHO, ut og sa at dette har blitt ein pandemi.

– I Noreg har me nå 621 smitta personar, og det siste døgnet har 163 testa postivt. Gjennomsnittsalderen på dei smitta er 46 år, og to tredjedelar er menn, sa Stoltenberg, som understreka at dei enno ikkje veit omfanget av smitta personar.

– Me håpar det er i ein tidleg fase, men det er usikkert. Det kan vere mange som er smitta som me ikkje kjenner til. Me forventar store helsekonsekvensar i Noreg og tek høgde for eit scenario der 2, 2 millionar personar vil bli smitta, men ikkje alle vil bli sjuke.

– Det som er verkeleg viktig er å utsetje og forsøkje å stanse smitten ved at færrast muleg er sjuke samtidig. Ved å spreie sjukdommen over tid kan ein tilby fleire hjelp. Derfor er det viktig å stanse smitten i befolkninga, sa Stoltenberg.

Alle i karantene etter reise utanfor norden

Helsedirektoratet understrekar at all innanlands transport skal gå mest muleg som normalt, men oppfordrar til å unngå fritidsreiser og alle reiser som ikkje er strengt nødvendig.

«Unngå offentleg transport viss du kan, unngå andre stader kor du lett kjem nær andre, unngå nærkontakt med andre», er blant råda.

Regjeringa fråråder også alle reiser som ikkje er strengt nødvendig, og vil setje alle som har reist utanfor Norden etter 27. februar i karantene i 14 dagar når dei kjem heim.

Det europeiske smittevernbyrået har i føremiddag anbefalt at alle land nå bør iverksetje denne type tiltak.