I KARANTENE. Fleire klasser ved Bø skule er sett i karantene fredag 25. september.
MIDT-TELEMARK: Bø skule. FOTO: Bø blad, arkivBilde 1 av 1

Førebels vanleg skule

I Danmark stengjer ein nå alle skular og kontor. I Noreg er enkelte skular som er ramma av koronasmitte stengt. I Midt-Telemark avventar ein situasjonen.

På Midt-Telemark kommune sine heimesider blir det presisert at det er viktig å vere klar over at det er låg eller ingen risiko for at personar som ikkje har symptom som feber, hoste, sår hals eller tung pust er smitteførande, sjølv om dei har vore i kontakt med personar som er smitta. Kommunen tek likevel forholdsreglar og avventar situasjonen. Den ber innbyggjarane følgje med, for situasjonen kan endre seg raskt.

Her er informasjonen frå kommunen som førebels gjeld for ulike institusjonar og arrangement:

Skular og barnehagar

Då det ikkje er påviste tilfelle av koronasmitte i våre kommunar ennå, har det ikkje vore aktuelt å stenge klassar eller skular på grunn av dette. Det har blitt gitt råd i enkeltsaker vedkomande eventuell karantene i påvente av svar til nærkontaktar. Inntil vidare er dette gjeldande, men kan endre seg raskt dersom det blir påvist smitte i vårt område. Kommunen førebur i løpet av denne veka korleis ein skal handtere dette, dersom det skjer.

Arrangement

Fleire stader blir arrangement avlyst eller flytta for å forsøke å hindre smitte til mange. Per i dag er det opp til kvar enkelt kommune å vurdere tiltak, inntil vidare. Her vil det vere viktig at arrangørane tek kontakt med kommunen for råd fortløpande. Onsdag ettermiddag gjekk kommunelegen ut med råd om å unngå å gjennomføre arrangement med fleire enn 50 personar. Etter dette har det kome mange meldingar om avlyste arrangement i Midt-Telemark.

Næringsliv og kultur

Kommunen opplyser at ein alt no ser samfunnsmessige konsekvensar av koronaviruset, langt ut over det helsemessige. Det vil også ha konsekvensar for næringslivet i kommunane, og det vil vere ekstra viktig med god dialog framover.