STORE KONSEKVENSAR: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland seier det har store konsekvensar å stengje barnehagar og skular, derfor har ein ikkje gjort det før.
STORE KONSEKVENSAR: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland seier det har store konsekvensar å stengje barnehagar og skular, derfor har ein ikkje gjort det før.

Ikkje smitte i Midt-Telemark enno

– Det er ikkje påvist Korona-smitte i Midt-Telemark, men det er sannsynleg at me vil få det hit òg. Me i kriseleiinga meiner det er fornuftig med alle tiltaka.

Det seier ordførar Siri Blichfeldt Dyrland om Korona-situasjonen på ein pressekonferanse klokka 15 i dag, torsdag. Kommunehuset er stengt og pressekonferansen vart halde ute.

Uoppdaga smitte

Blichfeldt Dyrland byggjer vurderingane om smittefaren på den raske auken som har vore i talet på smitta personar dei siste dagane. Ho viser til at også folk i området vårt har vore ute og reist, og at det truleg er uoppdaga smitte blant folk.

Kommunen varsla litt tidlegare på dagen torsdag at skular og barnehagar kom til å bli stengde.

Klokka 14 kom meldinga frå regjeringa om ei omfattande stenging i heile landet.

– Me i kriseleiinga meiner det er rett å stengje, seier Blichfeldt Dyrland.

Regjeringa seier at dei som er i kritiske stillingar, for eksempel folk som jobbar i helsevesenet, må ha tilbod om barnepass sjølv om skular og barnehagar er stengde. Ifølgje Blichfeldt Dyrland har kommunen jobba med å analysere risiko og sårbarheit og kva slags ressursar ein har. Kommunalsjef for oppvekst er i gang med å planlegge kven det er som er i denne gruppa og som derfor må få hjelp til barnepass. Ifølgje informasjonen Blichfeldt Dyrland har fått skal ein vere komne langt i kartlegginga fredag.

Store konsekvensar å stengje

– De venta lenge med å setje i gang stenging. Kva vurdering ligg bak?

– Det har med dei samfunnsmessige konsekvensane å gjere. Det har store konsekvensar for samfunnet å stenge barnehagar og skular. Ettersom me har fått meir informasjon, har me kome til at det er rett, seier Blichfeldt Dyrland.

Ho opplyser at torsdag var dei fleste på arbeid på kommunehuset, men dei er no oppfordra til å vere heime i størst muleg grad. Dei som er i helsevesenet må jobbe.

– Må ta karantene alvorleg

Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland oppfordrar folk til å ta karantene alvorleg.

– Dei tiltaka me gjer er for dei som ikkje toler smitte. Vanleg folk toler det bra, men eldre og sjuke, for eksempel dei som har kreft er meir utsett enn andre og det er dei me gjer desse tiltaka for. Derfor meiner eg at dei som sit i karantene må ta det på alvor. Dette er ein dugnad for våre medmenneske, seier Blichfeldt Dyrland.

Alvorleg situasjon

– Det er veldig alvorleg, eg er prega av situasjonen. Det er spesielt å sitje i ei kriseleiing. Eg har vore med på prøver, men no er det alvor, seier Blichfeldt Dyrland.

Ho tenkjer på om ein gjer dei rette grepa for å beskytte eigne innbyggjarar og peikar på at det er kommuneleiinga sitt ansvar.

Har bestilt smittevernutstyr

Det var torsdag ein formelt sette kriseleiing i kommunen. Blichfeldt Dyrland er glad for at ein ha gjort det. Ho ser ikkje så langt at ein har gjort feil, det vil ein få sjå framover. Då vil det vise seg om ein har vore tidleg nok ute eller om det er mange helsepersonell som blir sjuke.

Kommuneoverlegen informerte i eit møte med politikarane om at det ikkje var smittevernutstyr i kommunen. Det er det same over heile landet. Blichfeldt Dyrland stadfester at det er problem med tilgang på det. Ho opplyser at det er bestilt 200 einingar smittevernutstyr. Informasjonen ho har fått er at det er under kontroll.

Blichfeldt Dyrland opplyste etter pressekonferansen at det er fire personar som har testa negativt på koronasmitte og det er fire som er testa der ein ikkje har fått svar. I tillegg er fire personar i karantene.

Ikkje vurdert private arbeidsplassar

Kulturskulen og Midt-Telemark bibliotek er blant dei tilboda som no er stengde, i tillegg til skular og sjukeheimar.

– Korleis er det med andre funksjonar som bokhandel og klebutikk, bør ein gå dit?

­– Det har me ikkje diskutert, seier Blichfeldt.

For arbeidsplassar som ikkje er kommunale seier ordføraren at ein bør gjere vurdering om kva ein kan gjere heimanfrå.

Når de gjeld korleis ein skal forholde seg elles for å unngå smitte, så viser ordføraren til Folkehelseinstituttet for informasjon.