INGEN SMITTA. Søndag ettermiddag er det fortsatt ikkje påvist koronasmitta personar i Midt-Telemark kommune, ifølgje einingsleiar for kommunikasjon og service, Marte Midthun Lie.
INGEN SMITTA. Søndag ettermiddag er det fortsatt ikkje påvist koronasmitta personar i Midt-Telemark kommune, ifølgje einingsleiar for kommunikasjon og service, Marte Midthun Lie.

Kriseleiinga i kommunen har møte

Torsdag føremiddag sit kriseleiinga i Midt-Telemark kommune i møte. Det er fortsatt ingen registrerte tilfelle av koronasmitta personar i kommunen, men fleire sit i karantene.

Den kommunale kriseleiinga for Midt-Telemark kommune er sett på bakgrunn av smittesituasjonen i landet.Det betyr at kommuneleiinga nå først og fremst har fokus på samfunnssituasjonen og derfor nedprioriterer annan aktivitet.

Det opplyser einingsleiar for kommunikasjon og service i kommunen, Marthe Midthun Lie.

Førebels ikkje registrert smitta

I ei pressemelding frå kommunen skriv Midthun Lie vidare at det enda ikkje er registrert smitte i kommunen.

– Det er likevel sannsynleg at smittesituasjonen forverrar seg, noko som betyr at kommunen må vere førebudd på å handtere ein vanskelegare situasjon for samfunnet, heiter det i pressemeldinga.