Bø sjukeheim manglande plass full
STENGT. Sjukeheimane i Midt-Telemark kommune er stengt for besøkande.
TESTREGIME: Det er oppdaga smitte hos tilsette ved Bø sjukeheim.
STENGJER AVDELINGAR: Fleire smittetilfelle blei tidlegare denne veka oppdaga på ein institusjon i kommunen. Nå er nærkontaktar smitta. FOTO: Arkivfoto

Stengjer sjukeheimar, skular og barnehagar

Sjukeheimar i Midt-Telemark kommune er nå stengt for besøkande. Også alle skular og barnehagar blir stengt frå og med fredag 13. mars og inntil vidare.

– Me stengjer nå helseinstitusjonane heilt for alle besøkande og pårørande. Det er eit absolutt tiltak, men i heilt spesielle tilfelle, som til dømes ved dødsleie, kan ein gjere unntak. Da må ein kontakte leiinga på staden, opplyser Marte Midthun Lie, einingsleiar for kommunikasjon og service i Midt-Telemark kommune.

Stengjer skular og barnehagar

Skular og barnehagar blir stengt frå og med fredag 13. mars og inntil vidare

Ifølgje Norsk Telegrambyrå (NTB) vil truleg alle landets skular og barnehagar bli stengt. Det et eitt av tiltaka som regjeringa kjem med torsdag for å hindre virusspreiing.

Avlyser undervisning

Også Midt-Telemark kulturskule avlyser undervisninga frå og med i morgon, fredag 13. mars inntil vidare på grunn av koronaviruset.
Dette gjeld også alle arrangement som kulturskulen har, aleine eller i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
– Lærarane tar kontakt med sine elevar i løpet av neste veke for vidare oppfølging med den enkelte, seier rektor i kulturskulen, Guri Røsok.

Statsministeren uttaler seg

Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) møter pressa for å leggje fram nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset klokka 14.

Statsminister Erna Solberg (H) varsla ifølgje NRK allereie tidlegare i dag inngripande tiltak.

– Me må vere førebudd på at me i dag kjem med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka me har hatt i fredstid i Noreg, sa Solberg i dag tidleg.

Hun understreka likevel at ein må ha tiltak som gjer at samfunnet fortsatt fungerer. Særleg gjeld det helsevesenet og andre funksjonar som er samfunnskritiske.