FORTSATT INGEN SMITTA. Kriseleiinga i Midt-Telemark kommune møtast dagleg nå.
FORTSATT INGEN SMITTA. Kriseleiinga i Midt-Telemark kommune møtast dagleg nå.

Her er råd frå kommunen til innbyggjarane:

Fortsatt ingen påviste smittetilfelle i Midt-Telemark

Kommunen har testa fire personar i Midt-Telemark for koronasmitte. Fortsatt er det ikkje påvist smitte i regionen, men ein ventar på tilbakemelding på fire prøver.

I ei pressemelding sendt ut av Midt-Telemark kommune fredag føremiddag kjem det fram at det fortsatt ikkje er påvist smitta personar i kommunen. Kriseleiinga sender samtidig ut råd om korleis innbyggjarane nå skal forholde seg til situasjonen ein har i samband med koronaviruset i Noreg:

Skule og barnehage

Alle landets skular og barnehagar blei i går stengt. Det skal lokalt bli sørgd for eit tilbod til barn av personell i helse- og omsorgstenester, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar

(https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/helsedirektoratet-stenger-alle-barnehager-og-skoler).

Kartlegg behov

Barnehagane og skulane i Midt-Telemark kommune er i ferd med å kartleggje behovet og alle føresette og foreldre er kontakta for å melde behov.

Det er fortsatt ikkje utarbeidd nasjonale retningsliner for utvelging av barn til dette tilbodet. Midt-Telemark kommune har sett desse kriteria for utvelging:

  • Begge foreldre må ha ein samfunnskritisk funksjon for å kunne sende barn i barnehagen eller til skulen
  • Barn som bare har éin føresett som samfunnskritisk funksjon, må vere heime saman med den andre forelderen (forutsett at denne er i stand til å ivareta barnet)
  • Dersom éin i husstanden er i heimekarantene, men ikkje har symptom på koronasmitte, skal likevel ikkje barn frå husstanden bli levert i barnehage eller skule

Politiske møte

Politiske møte held ein bare dersom det er saker og vedtak kommunen er avhengig av for å kunne drifte vidare. Oppdateringar kan ein følgje med på på nettsida. Ordføraren eller kommunedirektøren avklarer kva for saker som må til politiske behandling for å sikre vidare drift eller tiltak.

Skriftleg fjernmøte kan vere eit verkemiddel dersom det er vedtak som må på plass.

Kommunale bygg

Kommunale bygg er stengt for publikum. Ein ber publikum vende seg til kommunen per epost post@mt.kommune.no, eller på sentralbordet 35 05 90 00.
For kontaktdetaljea til tilsette ligg disse på heimesida www.midt-telemark.kommune.no

Karantene

Råd til personar i heimekarantene finst til ei kvar tid oppdatert på Folkehelseinstituttets sider. Dette forholder Midt-Telemark kommune seg til og ein forventar at innbyggjarane følgjer dette.

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-til-personer-som-er-smittet-eller-har-vart-utsatt-for- smitte/rad-til-personer-som-er-i-hjemmekarantene/

Helsetenesta

Det blir jobba kontinuerleg med bemanningsplanar for helseeiningane. Drift går som normalt.

Det er stort press på legetenesta.Det er svært viktig at innbyggjarane søkjer informasjon på nettsidene til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet:

Telefonnummer: 815 55 015

www.helsedirektoratet.no

www.fhi.no

Ved behov for kontakt med legejenesta ring eller send melding.

For akutt behov ring 113.

Uttale

I situasjonen ein nå er i er det ordføraren som uttaler seg på vegner av kommunen.