Bø skule SFO uteområde vinter
SMITTE PÅ FLEIRE TRINN. Elleve nye smittetilfelle er oppdaga på Bø skule i dag. FOTO: Arkivfoto

Råd når det gjeld barn og unge som ikkje er på skule

Folkehelseinstituttet tilrår at ein avgrensar kontakt med andre menneske. Ein bør halde ein meters avstand og barn og unge bør ikkje samlast i større grupper.

 

Skular og barnehagar er stengde for å redusere spreiing av Korona-smitten, men kan barn og unge vere saman likevel?

– Leik er viktig for utviklinga og velveret til barn og unge, men når barnehagar og skular er stengde i lengre tid for å hindre smitte bør ikkje barn og unge samlast i større grupper, skriv Folkehelseinstituttet på Facebook.

Hald dykk i familien

Folkehelseinstituttet tilrår at ein avgrensar kontakten med andre til familien, og avstanden bør vere minst ein meter. Folkehelseinstituttet frårår også at ein brukar besteforeldre til barnevakt fordi aukande alder fører til større risiko for alvorleg forløp av Korona-infeksjon.

Dersom ein må samarbeide om barnepass, oppfordrar Folkehelseinstituttet til at ein avgrensar det til små grupper. Det meiner ein skal legge nokre reglar til grunn for kor store gruppene kan vere (sjå faktaboksen på denne sida).

Isolasjon og karantene

Isolasjon er når ein har mistanke eller bekrefta smitte av koronaviruset. Det er strengare enn karantene. Ved isolasjon skal ein ikkje gå på butikken og helst halde seg på eit eige rom.

Heimekarantene er dersom ein har vore i utlandet (utanfor Norden) dei siste 14 dagane eller i nærkontakt med nokon som er sjuke. Då kan ein gå ut av heimen, men skal unngå nærkontakt med andre. Ein skal då ikkje gå på jobb eller skule eller reise med offentleg transport.

Råd til barn og unge som ikkje går på skule

Avgrens talet på barn og unge som er saman

Det er ein fordel om det er dei same baran eller ungdommane som treffest.

Avgrens tida dei er saman til få timar.

Prøv å halde leik og samver utandørs.

Avgrens overnattingsbesøk.

Vask hendene ofte, både før, under og etter leik, og ha god hostehygiene.

Barn og unge med symptom på luftvegsinfeksjon skal haldast heime og bør ikkje vere saman med andre barn og ungdommar utanfor familien. Det gjeld òg ved milde symptom.

Det er eigne reglar for heimeisolasjon og heimekarantene.