A
Bøker i Bø 2020 er avlyst
Eit samstemt styre for Bøker i Bø har valt å avlyse vårens litteraturfestival. Festivalen skulle gått av stabelen fyrste helga i mai.
– Litteraturfestivalen Bøker i Bø følgjer helsemyndigheitene og Midt-Telemark kommune sine aller siste råd og anbefalingar om koronaviruset. Av omsyn til forfattarar, andre gjester og publikum har styret beslutta å avlyse årets festival, skriv Ingebjørg Nordbø i ein mail for styret i Bøker i Bø.