A
Ein quiz som ikkje handlar om Korona
Her er litt trening for hjernen, og det er ingen spørsmål om dagens epidemi innblanda.
1. Ein populær handarbeidsteknikk heiter spite i Vest-Telemark. Kva kallar andre det?
2. Til å spite brukar ein sneisar. Eit anna ord for det er?
3. Å kasta hansken er eit gammal uttrykk for kva?
4. Dersom ein tek opp hansken?
5. Eit symbol går igjen på svært mange plagg som kufter og vott. Det blir kalla?
6. Eit hus i Bøgata vart rive etter brann. Kva heitte huset?
7. Det husa lenge den lokale kinarestauranten. Kva heitte bygget og kva vart det brukt til opphavleg?
8. Det Gule Hus blir det kalla i dag. På 1920-talet var det også handel her.
Kva slags forretning låg her?
9. Kva finn me under golvet i Bø gamle kyrkje?
10. Når vart kyrkja bygd?
11. På Evju står det ei stove oppkalla etter ei kvinne og handverket ho dreiv. Kva bli kvinna kalla?
12. Ein gammal, nesten utdøydd handverksteknikk har levd spesielt lenge i Bø og Gvarv?
13. Kva kallar ein tekstilane den vart brukt til i dette området?
14. Brennesle blir brukt til mat, men den har også hatt eit anna bruksområde. Kva?
15. Ein annan plante som kan vekse i Noreg er kanskje litt betre kjent for denne bruken.
Kva for plante?