Korona-viruset har endra kvardagen til folk i Midt-Telemark. Den kvardagen ønskjer Bø blad å dokumentere.
Vil sjå kvardagen heime
– Folk har heimekontor og heimeskule. Nokon har barna i bakgrunnen medan dei underviser, andre har ikkje oppgåver i det heile og ser serie etter serie på Netflix. Nokon ryddar og vaskar, nokon går tur. Me vil sjå kva folk gjer nå som er annleis enn før, og det kan me dele med resten av innbyggjarane, seier redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje.
Bilde frå dei som jobbar
Ho understrekar at det også er folk som fortsatt er på jobb, som har samfunnskritiske oppgåver og jobbar dei ikkje kan ta med seg heim. Også dei vil Bø blad høyre frå.
– Dei som fortsatt er på jobb som vanleg har truleg også litt annleis kvardag fordi samfunnet ikkje er det same som før. Det må me også dokumentere, seier Eika Nesje.
Send bilde på e-post
Ho oppfordrar folk til å sende bilde til redaksjonen framover. Helst på e-post. Og redaktøren vil veldig gjerne ha bilde frå folk i heile kommunen.
Lesarane kan sende bilde og ein liten bildetekst frå kvardagen sin i Bø og Sauherad på e-post: redaksjon@boblad.no, eller i innboksen til Bø blad på Facebook.