HAR SENDT BREV: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har saman med kommunedirektøren og kommuneoverlegen sendt ut brev til arbeidsgjevarar i Midt-Telemark kommune om smittevern.
HAR SENDT BREV: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har saman med kommunedirektøren og kommuneoverlegen sendt ut brev til arbeidsgjevarar i Midt-Telemark kommune om smittevern.

Fleire blir koronatesta i Midt-Telemark

Mange fleire blir nå testa for koronavirus i kommunen enn før. Derfor blir dagane framover avgjerande. Ordføraren i Midt-Telemark melder i dag om at det framleis er ingen som er påvist smitta.

Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland opplyser onsdag kveld at det enno ikkje er koronasmitte i kommunen som ein veit om. Når fleire blir testa enn før, vil det kunne føre til at situasjonen i Midt-Telemark endrar seg.

– Ring nokon

Ordføraren oppfordrar folk til å ringe dei som ikkje er så aktive på nett.

– Me har alle godt av ein prat og saman kan me halde kvarandre oppdatert, skriv ho på heimesidene til kommunen.

Lokal spørretelefon

Tysdag blei det oppretta ein lokal spørjetelefon, og den er nå i full gang. Det same er dei som koordinerer dei som kan hjelpe med praktiske oppgåver.

– I tillegg tikkar det inn med registrering av folk med helsebakgrunn som melder seg. Det er flott. Takk, skriv ordføraren.

Nyttige telefonnummer

* Lurar du på noko?

Ring lokal spørjetelefon: 35 05 93 59

* Vil du bli frivillig (praktiske oppgåver), eller treng du hjelp? 

Ring: 909 63 587

* Helsepersonell registrering?

Følg denne lenka:

https://midt-telemark.kommune.no/korona/hovedmeny/informasjon-om-korona/kan-du-bidra/