FÅR INNOVASJONSSTØTTE. Redaktør Hilde Eika Nesje og resten av gjengen i Bø blad får støtte til to innovasjonsprosjekt i  lokalavisa for Midt-Telemark.

Ber folk lese Bø blad på nett

Redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje, ber nå folk i Midt-Telemark om å lese lokalavisa på nett.

– Nå i koronakrisa er det vanskeleg for oss å vere heilt oppdatert i papiravisa som kjem ein gong i veka. Nyheiter og reglar endrar seg frå minutt til minutt, seier ho, og fortel om krevjande og intene dagar for dei tilsette i lokalavisa som alle sit på heimekontor nå.

Ikkje minst teknologien kan vere ei utfordring på heimekontora ettersom ein jobbar med store og tunge system.

– I nettavisa kan ein lese oppdaterte nyheiter kvar dag, noko som er viktig for alle innbyggjarane, seier redaktøren.

– Eg oppfordrar nå folk til å teikne eit abonnement slik at me kan klare å halde koken. Og det går fortsatt an å annonsere hos oss.  Også me har fått merke at alle inntekstbeina blir slått under oss på kort tid, seier redaktøren.