????????????????????????????????????
HELSEDUGNAD: Tilsette i helse og omsorg jobbar under eit stort press for tida og kan trenge frivillig innsats. F.v. midlertidig avdelingsleiar i heimesjukepleia, Elisabeth Josefsen, avdelingsleiar Jønneberg på Bø sjukeheim, Jorun Jensen og fagleiar økonomi og personale, eining for helse og omsorg, Linda Vala Bråthen. Foto: Øystein Akselberg

Treng fleire hender i helsetenesta

Helse- og omsorgstenesta ønskjer kontakt med innbyggjarar som har helsekompetanse og som kan tenkje seg å bidra i ein felles helsedugnad.

Midt-Telemark kommune deltar aktivt i den store felles helsedugnaden som pågår landet rundt for å stoppe spreiinga av koronaviruset.

Innan helse- og omsorgstenestene i Midt-Telemark kommune er det tilsett rundt 600 personar. I desse dagar blir det jobba på spreng for å sikre tenestene i høve den pågåande smittesituasjonen av koronaviruset.

Karantene og sjukdom

Tysdag denne veka var rundt 40 tilsette innan helse og omsorg i kommunen sett i karantene. Det handlar om folk med symptom på forkjøling/ influensa eller som følgje av karantenereglar. Personell som er i karantene blir testa for sjukdommen for å kunne få dei tilbake i jobb.

– Dette påverkar drifta vår på helse og omsorg. No jobbar me med tiltak for å auke beredskapen både på kort og lengre sikt, seier Linda Vala Bråthen, fagleiar økonomi og personale, eining for helse og omsorg.

Ho seier at kommunen kan komme i ein situasjon der ein, på grunn av karantene og sjukdom, ikkje har nok folk til å levere gode nok helsetenester til innbyggjarane.

– Me kjem mest sannsynleg til å få eit sterkt behov for meir helsepersonell, seier ho.

Innbyggjarar med helseutdanning

Eininga hadde tysdag ettermiddag eit møte om situasjonen og går nå ut med ei oppfordring til folk i regionen.

– Me ønskjer å skaffe oss ein oversikt over innbyggjarar med helseutdanning som kan vere aktuelle for å bidra om og når behovet melder seg, seier Vala Bråthen.

På kommunen sine heimesider er det laga eit skjema som folk blir bede om å fylle ut og sende inn til kommunen. Her skriv ein opp kva utdanning og kompetanse ein sit på, samt andre viktige opplysningar.

Får opplæring

– Folk som lurar på noko, til dømes om ein er kvalifisert til å bidra, må gjerne ta direkte kontakt med meg på telefon eller e-post, seier Vala Bråthen.

Det vil bli laga eit opplegg for opplæring av dei som melder seg og har riktig kompetanse.

Det blir også gjort eit arbeid med å samle frivillige som kan bidra med anna innsats som ikkje krev helseutdanning. Dette arbeidet skjer blant anna gjennom Frivilligsentralen og Røde Kors.