Korona 
krisesta kriseleiing. 
Beate Darrud, Cecile Stangeby, Terje Kili, Kristin Sekse, Mona Slaaen, Siri Blichfeldt Dyrland, Vidar Lofthus. PŒ benken Ingebj¿rg Nordb¿ pŒ skjer Hanne Winberg.
CAMPINGSTENGT: Kommuneoverlege Kristin Sekse har vedtatt å stenge campingplassar i Midt-Telemark av omsyn til smittevernet. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Desse får unntak frå karantenepåbodet

Tysdag denne veka blei karantenereglane utvida, med strengare reglar for kven som skal vere i karantene. Nå har kommunelegen presisert nærmare kven som er unnateke dette.

I går, torsdag, kom kommuneoverlege i Midt-Telemark, Kristin Sekse, med ei presisering rundt det utvida karantenepåbodet som blei gjort gjeldande for innbyggjarane i kommunen tysdag denne veka:

https://boblad.no/2020/03/17/strammar-inn-pa-innreisereglar-til-midt-telemark/

 

Alle som kjem til regionen etter reiser i fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag blei da pålagt heimekarantene i 14 dagar etter ankomst

For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei føringar som til ei kvar tid kjem frå myndigheitene for konvertering av karantene til isolasjon.

Unntak for arbeidspendlarar

I den seinaste meldinga frå kommuneoverlegen blir det presisert at det er to unntak frå denne regelen.

Arbeidspendlarar som reiser til og frå områda Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag er unntatt regelen om 14 dagars karantene, men dei må halde seg i karantene dei dagane dei oppheld seg i Midt-Telemark kommune.

Det vil seie at dersom ein er vekependlar, går ein automatisk i karantene når ein kjem heim for helga. Er ein fast vekependlar, vil ein derfor i praksis ha karantene når ein er heime i Midt-Telemark kommune – så lenge denne regelen står.

Korte reiser får unntak

Det andre unntaket gjeld reiser til og frå dei same områda som varar kortare enn 24 timar.

Det vil seie at viss ein er på dagsreise eller arbeidsresie som varar under 24 timar, så treng ein ikkje gå i karantene når ein kjem heim til Midt-Telemark kommune

Vedtaket er formelt fatta for sju dagar, men vil bli ytterlegare utvida med nytt vedtak etter sju dagar så lenge situasjonen tilseier at det er nødvendig for å hindre smittespreiing. Dette gitt at inkubasjonstida er til 14 dagar, ifølgje kommuneoverlegen.

Vedtaket har også tilbakeverkande kraft frå og med 10. mars.

Samfunnskritiske funksjonar

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar har lov til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Dette er definert som kritiske samfunnsfunksjonar:

• Styring og kriseleiing

• Forsvaret

• Lov og orden

• Helse og omsorg

• Redningsteneste

• IKT-sikkerheit i sivil sektor

• Natur og miljø

• Forsyningssikkerheit

• Vann og avløp

• Finansielle tenester

• Kraftforsyning

• Elektroniske kommunikasjonstenester

• Transport

• Satellittbaserte tenester

• Apoteka

Lista kan bli endra, følg oppdatert info på https://www.dsb.no/rapporter-og-evalueringer/samfunnets-kritiske-funksjoner/.