Korona 
krisesta kriseleiing. 
Beate Darrud, Cecile Stangeby, Terje Kili, Kristin Sekse, Mona Slaaen, Siri Blichfeldt Dyrland, Vidar Lofthus. PŒ benken Ingebj¿rg Nordb¿ pŒ skjer Hanne Winberg.
CAMPINGSTENGT: Kommuneoverlege Kristin Sekse har vedtatt å stenge campingplassar i Midt-Telemark av omsyn til smittevernet. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Første koronasmitte i Midt-Telemark påvist

Måndag blei ein person påvist med koronasmitte i Midt-Telemark. Personen har ikkje folkeregistrert adresse i kommunen, men bur her for tida.

 

Kommuneoverlege Kristin Sekse har i dag fått opplyst at ein person som er koronasmitta oppheld seg i Midt-Telemark kommune. Personen er folkeregistrert i ein annan kommune, men bur for tida i Midt-Telemark. Den smitta har halde seg i isolasjon i eigen bustad og har ikkje vore i kontakt med andre.

– Den smitta personen har verken jobba eller blitt testa i Midt-Telemark kommune, men bur her og jobbar i ein annan kommune. Vedkomande blir nå følgd opp av heimkommunen sin, seier Kristin Sekse.

106 testa sist veke

Kommuneoverlegen opplyser at bare den siste veka har 106 personar blitt testa i Midt-Telemark. Dei fleste av desse er helsepersonell i kommunen og ingen av desse har fått påvist smitte. Også nokre få personar med symptom i risikogrupper har blitt testa, i tillegg til enkelte tilfelle av personar som har vore i utlandet og som seinare har fått symptom.

– Me har ikkje heilt oversikt  over kor mange me har testa til saman, men før desse 106 var det veldig få som hadde blitt testa. Grunnen til at det er krevjande å halde rede på alle som blir testa, er at det er mange legar som rekvirerer test i vårt område, og eg sit ikkje med desse journalane, seier Sekse.

Bytta laboratorium

Ho opplyser at ein fortsatt ventar på prøvesvar på nokre testar.

– Me har skifta laboratorium der våre testar blir sjekka. Det har også gjort det litt vanskeleg å halde oversikt over nøyaktig tal på smitteprøver, seier Sekse, og opplyser at tidlegare sendte ein prøver frå Midt-Telemark til Sykehuset Vestfold i Tønsberg. Nå går prøvene til Unilabs, også dette i Tønsberg.

– Sist veke blei det opphoping av testar da me skulle teste alt helsepersonell som hadde førkjølelsesymptom. Me vil fortsetje å teste denne gruppa for smitte så snart laboratoriet kan ta imot fleire prøver, seier Sekse, og legg til at symptom på smitte kan vere hoste, feber og tung pust.

Mange i karantene samtidig

At så mange i helsesektoren blei testa på ein gong i førre veke, førte til at svært mange blei sett i karantene medan dei venta på prøvesvaret sitt. Da blei det akutt mangel på helsepersonell i påvente av testresultata. Det førte til at det gjekk ut melding til det helsepersonellet som var testa om at dei likevel skulle gå på jobb.

– Det var ein feil frå mi side, og det beklagar eg. Meldinga som gjekk ut til dei tilsette var at dei som var testa og venta på svar, men som bare hadde lette symptom som snufsing skulle gå på jobb fordi me rekna risikoen for at dei var smitta som lik null. Men så såg me at dette blei heilt feil, og gjekk tilbake på dette i ei ny melding på fredag, seier Sekse.

Lite smitte fortsatt

Kommuneoverlegen fortel at dei nå er tilbake til meir normal drift. Med testresultata på plass er dei fleste i helsesektoren tilbake i jobb, unntatt dei som har vanleg influensa.

– Det handlar kanskje mest om flaks at me ikkje har påvist smitte blant innbyggjarane i Midt-Telemark enno. Det ser fortsatt ut som om me har liten eller ingen smitte i vårt område, men som fleire andre stader kan dette forandre seg fort, seier Sekse.

Ho trur at det å halde folk isolert frå kvarandre har vore med på å utsetje smitteutbrot i vår region.

– Eg vil fortsatt råde alle i kommunen til å halde seg strengt til retningslinjene som dei sentrale myndigheitene gjev, seier ho.