FORTSATT STRENGE TILTAK. Regjeringa vidarefører dei strenge koronatiltaka til over påske. Fram til 13. april blir det fortsatt stille i Midt-Telemarks gater.
FORTSATT STRENGE TILTAK. Regjeringa vidarefører dei strenge koronatiltaka til over påske. Fram til 13. april blir det fortsatt stille i Midt-Telemarks gater.

Fortsatt strenge koronatiltak – varar til over påske

Etter ein pressekonferanse tysdag ettermiddag den 24. mars, er det klart at regjeringa vil føre vidare samtlege av koronatiltaka som har blitt innført dei siste to vekene.

Dei strenge tiltaka som blir vidareført gjeld også hytteforbodet.
Regjeringa ber også folk om å halde to meter avstand til kvarandre innandørs, og ikkje vere saman med fleire enn fem personar utandørs.

Tiltaka verkar

Det er nå nesten to veker sidan det meste av Noreg blei stengd ned. Tiltaka som da blei innført skulle vare til 26. mars i første omgang. I dag presenterte regjeringa kva som skjer vidare og kva for tiltak som skal gjelde framover.
Statsminister Erna Solberg takka alle som har høyrt og følgd råda som myndigheitene har gjeve den siste tida, og la til at regjeringa meiner at nye tal frå Folkehelseinstituttet viser at tiltaka verkar.
– Dessverre kan me ikkje seie i dag kor raskt smitten spreier seg, og me treng eit betre grunnlag for å sjå kva tiltaka har bidratt til før me kan mjuke dei opp, sa Solberg.

Fram til 13. april

Koronatiltaka blir derfor vidareført fram til og med 13. april, det vil seie over påske. Det betyr fortsatt avgrensingar i kvardagen for alle.
Statsministeren kunne ikkje seie noko om når tiltaka blir mjuka opp slik at ein igjen får kvardagen tilbake.
Rådet frå Helsedirektoratet til regjeringa er at tiltaka som ein allereie har skal fortsetje. Målet er å slå ned utbrotet, ikkje bare bremse det. Ifølgje Helsedirektoratet er det også avgjerande å oppretthalde og eventuelt utvide smittetesting.

Tiltaka som blir vidareført i Noreg:

  • Fortsatt god hygiene: God handvask og riktig hosteteknikk.
  • Avstand: Utandørs bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i ei gruppe. Unntak er dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs og på arbeidsplassar bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Skular, barnehagar, høgskular og universitet skal fortsatt vere stengde. Justering kan bli vurdert.
  • Heimekontor blir anbefalt for alle som kan.
  • Kollektivtransport: Regjeringa oppfordrar folk til å droppe kollektivtransport.
  • Karantene: Personar som har hatt nærkontakt med smitta skal vere i karantene i 14 dagar etter kontakten, eventuelt med auka testing som vil gje betre oversikt over kven som er smitta av dei som sit i karantene.
  • Isolering: Personar som er mistenkt smitta eller har fått stadfesta at dei er smitta skal opphalde seg i isolering.
  • Ankomst frå utlandet: Personar som kjem til Noreg skal opphalde seg i karantene i 14 dagar.
  • Helsepersonell: Dei som som jobbar med pasientbehandling har forbod mot å reise til utlandet. Gjeld både tenestereiser og private reiser.
  • Fortsatt stenging av verksemder som ikkje kan følgje myndigheitenes pålegg om smittevern: fysioterapeutar/ manuellterapeutar, kiropraktorar, optikarar, fotterapeutar, logopedar, psykologar, komplementær og alternativ medisin, alternativ behandling, andre verksemder utanfor spesialisthelsetenesta. Ein understrekar likevel at ein bør leggje til rette for nokre unntak for drift via digital kommunikasjon der det er muleg.
  • Kultur og idrett: Fortsatt stenging av arrangement, treningssenter, symjehallar, frisørar, hudpleie og liknande.
  • Helseinstitusjonar: Alle desse skal innføre adgangskontroll og alminneleg besøksstans.