HJARTET I HALSEN: Kommuneoverlege Kristin Sekse er litt bekymra for påska og kva den vil bringe med seg av eventuell smitte til Midt-Telemark.
INGEN NYE SMITTA: Fremleis er det ingen nye smitta i Midt-Telemark og Nome, melder kommuneoverlege Kristin Sekse i ny oppdatering fredag kveld.
REDD SMITTE FRÅ GRENLAND: I sakspapira blir det peika på at det er fare for smitte frå Grenland. Kommuneoverlege Kristin Sekse tilrår munnbindpåbod.

221 er testa i Midt-Telemark og Nome

Ifølgje siste oppdatering frå kommuneoverlegen i Midt-Telemark er det ikkje nye smittetilfelle i Midt-Telemark og Nome. I dei to kommunane er det nå testa 221 personar.

Som tidlegare omtalt i Bø blad er det registrert ein person som oppheld seg i Midt-Telemark som har påvist smitte, men som blir følgd opp av annan kommune.

Ved gjennomgang av prøveresultat i dag, er det 105 innbyggjarar i Nome kommune og 103 innbyggjarar i Midt-Telemark kommune som har testa negativt. I tillegg er det 13 personar frå andre kommunar som har vorte testa her fordi dei arbeider eller har fastlege her, alle negative.

Den siste veka er ganske få testa, åtte i Nome og fem i Bø. Dette er delvis fordi ein måtte ha ein pause i testinga på grunn av mangel på laboratorieutstyr nokre dagar, skriv kommuneoverlege Kristin Sekse.

Nytt sidan sist

Sidan førre oppdatering frå kommuneoverlegen har fleire blitt testa for viruset, dei fleste helsepersonell med luftvegssymptom. Det er dermed avklart at dei kan gå tilbake på jobb når dei er friske, utan å vere redde for å smitte brukarar, pasientar og kollegaer med koronaviruset.

Legekontora har rigga til eigne mottak for testing og undersøking av pasientar med luftvegssymptom. Mottaket for desse pasientane er plassert utanfor sjølve legekontora, og har særskilt nøye reinhald. Med desse tiltaka vil alle legesentra vere trygge for alle å besøke utan å bli smitta.

Kommuneoverlegen påpeikar at legekontora er åpne og i vanleg drift.

– Har du behov for legehjelp eller kontroll hos fastlegen, er det god kapasitet til dette, slik situasjonen er i dag. Det er heller ikkje fare for smitte på legekontoret, uttalar Sekse.

Sjukeheimar og institusjonar er stengde for besøkjande, med enkelte unntak. Dette er for å beskytte dei aller mest sårbare pasientane, i størst mogleg grad.

Store delar av samfunnet er stengt ned og sosial kontakt er sterkt redusert. Dette vil vedvare til over påske, kanskje lengre.

– Det er usikkert kva effekt dette vil ha på smittespreiinga i samfunnet. I skrivande stund kan det sjå ut til å ha noko effekt, særleg med tanke på at det kan ha forseinka spreiing til våre kommunar. Slike tiltak er svært kostbare både for samfunnet og for mange som har det vanskeleg frå før, og styresmaktene må vurdere fortløpande om dette blir for kostbart i lengda, skriv kommuneoverlegen.

Framover

Kommunane førebur seg no på å kunne ta vare på både smitta som treng pleie, samtidig som ein skal oppretthalde så normal drift som mogleg. Det er kartlagt kva kompetanse og ressursar me har, og kva me vil trenge i ulike situasjonar.

– Det er vanskeleg å spå korleis det blir, men me håpar på det beste og planlegg for det verste. I tillegg vert det gjort risikoanalyser for dei ulike scenaria, noko som er svært viktig for at både tilsette og pasientar skal føle seg trygge, seier kommuneoverlegen.

Kartlegginga som er gjort så langt, har vore svært nyttig. Det har blitt synleg mykje viktig og god kompetanse i kommunen. Tilsette stiller opp og kjem med verdifulle tilbakemeldingar.

Hovudverneombod og hovudtillitsvalte har også komme med i kriseleiinga, og gjev viktige bidrag til at dei som skal utføre arbeidet kan føle seg trygge.

Det er også etablert gode samarbeidsarenaer med Fylkeslege, sjukehusa og nabokommunar. Dette er verdifullt for alle partar, ifølgje kommuneoverlegen, både med tanke på å hjelpe og utfylle kvarandre.

Smittevernutstyr

Over heile landet er det vanskeleg å få tak i smittevernutstyr. Det er avgjerande for å kunne hjelpe dei som er smitta og sjuke at personalet har tilstrekkeleg og godt smittevernutstyr.

– Me har ein del på lager framleis, men ville gjerne hatt litt meir å gå på. Her ynskjer me hjelp frå private eller bedrifter som kan ha slikt utstyr med rett kvalitet på lager, seier Sekse.

Mange er engstelege for smitte, eller for å smitte andre som kan bli alvorleg sjuke.

– Det florerer med ekspertar av alle slag i media, som svingar frå at me ikkje gjer nok, til at me gjer altfor mykje. I tillegg ser me helsevesen i andre land som kollapsar under den byrda koronaviruset skaper, og der mange døyr fordi dei ikkje får hjelp, seier Sekse.

Det er fleire faktorar som gjer at kommuneoverlegen vurderer at me ikkje kjem til å havne i ein slik situasjon her i Norge.

– Me har ei godt utbygd og profesjonell primærhelseteneste, blant andre fastlegar og godt drivne sjukeheimar som kan avlaste sjukehusa. Det er forskjell i bumønster. I mange land bur mange familiemedlemmer saman, og dette ser ut til å vere ei ulempe med tanke på koronavirusepidemien og smittespreiing frå dei yngre til dei eldre spesielt. Me er relativt få menneske som bur spreidd, noko som truleg er ein fordel, seier Sekse.

Folkehelseinstituttet viktig

Ho peikar også på Folkehelseinstituttet som ein viktig faktor.

– Fleire av ekspertane som uttaler seg i media har sjeldan sett på heile det samansette biletet, lest alle artiklane og hatt ressursar til å sammenfatte all kunnskapen som Folkehelseinstituttet har. Store mengder data skal samanfattast og kvalitetssjekkast for å kunne gje råd om det dei meiner er rett å gjere til eikvar tid. Folkehelseinstituttet gjev oss svært klare føringar for kva kvar enkelt faktisk kan gjere noko med sjølv, og kva som vil vere utanfor vår kontroll å gjere noko med. Det siste anbefaler eg å prøve å legge til side, då det tek svært mykje tid og krefter, seier Sekse.

God helse i flott utsikt

Ho avsluttar oppdateringa med å minne om det kvar enkelt kan bidar med. Nemleg å vaske hendene ofte, hoste og nyse i albogekroken, halde avstand til andre og følgje karantenereglar.

– Ta vare på kvarandre, gjerne digitalt, på telefon eller utandørs på god avstand. Det er mykje god helse i ein flott utsikt, ein tur i skogen eller på fjellet og det å oppleve at våren er på veg, er helsinga frå kommuneoverlegen.