TØFF TID. Bø blad - Lokalavis i Midt-Telemark  er ei av verksemdene som opplever store utfordringar nå. Koronakrisa kan få store ringverknader, ifølgje redaktør Hilde Eika Nesje.
TØFF TID. Bø blad - Lokalavis i Midt-Telemark er ei av verksemdene som opplever store utfordringar nå. Koronakrisa kan få store ringverknader, ifølgje redaktør Hilde Eika Nesje.

Redaktør Hilde Eika Nesje:

Ei krise med store ringverknader

 

 

 

 

To veker med strenge restriksjonar. To veker med nedstenging av det norske samfunnet. Det blir i alle fall to veker til. Regjeringa og Folkehelseinstituttet er ikkje sikre på kor lenge det er til me får tilbake kvardagen vår. Me er enno i ein tidleg fase av pandemien som rir verda og skaper urolege bølgjer i små og store samfunn, større og mindre verksemder.

Sjølv om me er heldige som bur så spreitt, har tilgang på så mykje natur og fortsatt ikkje har så mange registrerte smittetilfelle, vil me merke det i Midt-Telemark. Når verksemder blir tvunge til å stengje, mistar kundane sine eller restriksjonane tar bort heile grunnlaget for drifta, blir det vanskeleg. Og når ein må stengje, går det utover mange fleire ledd. Korona-tida viser kor sårbare me er, og kor avhengige me er av kvarandre. Kvart ledd tel for å få lokalsamfunnet til å gå rundt. Så enkelt er det.

Me har hamna i ulike situasjonar nå. Nokon har meir tid, nokon har ikkje nok tid i det heile. Begge delar kan vere utfordrande. Når det blir slik, er det viktig at alle kikkar seg rundt og ser korleis dei kan bidra. Har ein det godt og har tid til overs, kan ein gjerne gje ei ekstra handsrekking der det trengst. Ein kan stille opp for hesevesenet, landbruket eller andre samfunnsområde som blir hardt ramma i desse dagar, og som treng nokre ekstra hender. Ein kan handle hos dei lokale butikkane, og bestille varer hos lokale leverandørar slik at dei ikkje går dukken. Sånn tar me vare på det me har rundt oss slik at me har det der også når krisa er over. Me snakkar om å gjere ein samfunnsdugnad – ikkje fordi det gagnar oss sjølve, men fordi me løftar blikket og usjølvisk gjer noko for fellesskapet.

Også lokalavisa treng hjelp nå. Over natta har Bø blad mista opp mot 70 prosent av inntektene. Når færre annonserer, blir det slik. Det kan ikkje fortsetje, det er krise for Midt-Telemarks lokalavis. I ei tid der me jobbar meir enn nokon gong for å levere god informasjon og variert journalistikk til innbyggjarane, og der informasjonsflyten er så sterk at me må vere på heile tida, sviktar inntektene dramatisk. Det me treng nå er kundar som fortsatt annonserer, og ikkje minst lesarar som forstår  verdien av å betale for innhaldet dei les i avisa. Me treng nye abonnentar. Det kan hjelpe avisa over kneika nå.