GULL VERDT: Kaja Toreg med Mikkel (snart 2 år) og hunden Shirley på badeplassen ved Hengebrua i Øvre Bø. – Dette er vår stillestad, her kosar me oss veldig. Spesielt nå er det gull verdt, seier Kaja Toreg.
BÅTKJØP: Ved Hengebrua i Øvre Bø trefte me også familien Monika, Bartek, Aleksander og Wojciech Szwedowski. Dei var i Bø for å kjøpe båt.
LUFTETUR: I full fart oppover Oterholtvegen på Langkåshaugen kom Aslaug og Rolf Steinsland, som var ute og lufta seg.
FAST RUNDE: I Sætrevegen møtte me Arne Verpe frå Hørte. Han var ute på sin faste turrunde.
FRIKVARTER: Linn Stordahl Macit bur ved Sandvin i Bø, men rir fjordingen Rimfaks to gonger i veka på Sætersbø. Riding har ho nyleg tatt opp att etter 20 år. – Eg har fire barn, og dette er mitt frikvarter. Det er fint å kome seg ut i naturen, særleg nå, seier Linn.
NÆRTUR: I Nesoddvegen ned mot Nes kyrkje på Gvarv sykla Marie Aanderaa og Birgit Storkaas, begge 4. klassingar på Sauherad barne- og ungdomsskole. Dei var på sykkeltur i nærområdet sitt.

Luftetur i Midt-Telemark

Publisert Sist oppdatert

Mange er ute og luftar seg om dagen. For kan ein ikkje gjera anna når det er helg og fri, så kan dei fleste ta på jakka og gå ein tur i nærområdet sitt. Det gjer godt for kropp og sjel.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS