Korona 
krisesta kriseleiing. 
Beate Darrud, Cecile Stangeby, Terje Kili, Kristin Sekse, Mona Slaaen, Siri Blichfeldt Dyrland, Vidar Lofthus. PŒ benken Ingebj¿rg Nordb¿ pŒ skjer Hanne Winberg.
CAMPINGSTENGT: Kommuneoverlege Kristin Sekse har vedtatt å stenge campingplassar i Midt-Telemark av omsyn til smittevernet. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Stenger campingplassane i Midt-Telemark

Kommuneoverlege i Midt-Telemark, Kristin Sekse, har vedtatt å stenge alle campingsplassar, samt forby overnatting i campingvogn eller bubil her viss ein ikkje har bustadadresse i Midt-Telemark. Det siste med eitt unntak.

I vedtaket, som blei fatta fredag 27. mars og gjeld fram til noko anna blir bestemt, heiter det:

– For å hindre spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde nødvendig helse- og omsorgstenester, fattar kommuneoverlegen i Midt-Telemark følgande vedtak, jamfør (jrf.) smittevernlovens § 4-1 5. ledd, jfr.  1. ledd:

1) Alle anlegg knytt til drift av campingplass og liknande stengast.

2) Opphald i campingvogn, bubil og så vidare er ikkje tillatt for dei utan folkeregistrert adresse i Midt-Telemark.

3) Opphald i campingvogn, bubil og så vidare med eige sanitæranlegg er tillate for innbyggarar med folkeregistrert adresse i kommunen, men ein ber om å unngå sosiale relasjonar utover husstanden.

Vedtaket gjeld for alle verksemder som driftar campingplass og liknande, og ein kvar som har campingvogn, bubil og så vidare på kommunen sine campingplasser.

Unntak frå regelen

I vedtaket er det også nemnt nokre få unntak frå regelen.

Overnatting i samband med arbeid er tillate. Dette gjeld pendlarar som bur på campingplassar i Midt-Telemark i samband med arbeid her.

Det er også lov med dagstur for å utføre strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverge store matrerielle skader.

Turistkommune

Kommuneoverlegen viser til Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendom i anledning utbrudd av av Covid-19, med heimel i Lov 1994-08-05-55§ 1-2 av mars 2020.

I forskrifta § 5 forbys det overnatting på fritidseigedom i annan kommune enn der vedkomande er folkeregistrert. Nasjonal forskrift har ikkje spesifisert at forbodet også gjeld campingplassar og liknande.

Kommuneoverlegen peikar på at Midt-Telemark er ein turistkommune med mange feriegjester på kommunens campingplassar.

Ho ser vedtaket som ei naturleg følgje av Helse- og omsorgsdepartementets vedtak og Folkehelseinstituttet sine anbefalinger.

– Tiltaket blir vurdert som nødvendig både for å beskytte sårbare grupper og for å ivareta nødvendig kapasitet i helsetenesten. Ut frå medisinskfagleg grunngjeving ser kommuneoverlegen vedtaket som nødvendig av omsyn til smittevernet, og at den samfunnsmessige nytta av smitteverntiltaket overstig belastning og ulempe for dei tiltaka gjeld. Frivillig medverknad er tillagt vekt i vurderinga, skriv ho.

Rettsleg grunnlag

Smittevernlova § 4-1 5. ledd gjev kommuneoverlegen heimel til å vedta lokale tiltak for å forebygge og motverke spreiing av allmennfarleg smittsam sjukdom i befolkninga. Aktuelle tiltak er heimla i 1. ledd bokstav a-e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 1. ledd går fram av § 1-5:

«Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det leddes vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder. Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep.»