200406 ungdom i sentrum f politiet n
Bilde 1 av 2
TRENG HJELP: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland (t.v.), kommuneoverlege Kristin Sekse og seksjonsleiar i politiet, Svein Olav Grini oppfordrar foreldre og besteforeldre til å fortelje ungdommane om at dei må halde avstand.
TRENG HJELP: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland (t.v.), kommuneoverlege Kristin Sekse og seksjonsleiar i politiet, Svein Olav Grini oppfordrar foreldre og besteforeldre til å fortelje ungdommane om at dei må halde avstand.Bilde 2 av 2

Vil ha slutt på samling i gata

Kommunen får stadig melding om at folk, ikkje minst unge, bryt retningslinjene og samlar seg i grupper. Både kommunen og politiet vil ha slutt på det og oppfordrar folk til å halde avstand.

– Me har ikkje noko verkemiddel, men me gir råd og retningslinjer. Når me stadig får melding om at dei ikkje blir følgde må me gjer folk merksame på at dette skaper fare, seier ordførar Siri Bichfeldt Dyrland.

– Me er nøydd til å ta dette alvorleg sjølv om det er spesielle tider med påske, seier ordføraren.

Kommunen med ordførar og kommuneoverlege og politiet står saman bak oppfordringa dei ønskjer å formidle gjennom avisa. Det er i denne samanheng spesielt «eldre ungdom» som samlar seg ute i helgane dei vil nå fram til.

 

Politiet bekymra 

­– Me har fått melding frå dei som jobba i helga. Dei er bekymra for smittestasjonen. Det gjeld ikkje for dei som køyrer bil, det er det tradisjonelle, det har me heile året. Det gjeld dei som er utanfor, seier seksjonsleiar i politiet, Svein Olav Grini.

Det politiet er mest bekymra for er folk som er ute til fots. I helga var det talt opptil 50 personar som var ute til fots og stod i grupper og prata.

– Politiet oppfordrar alle til å følgje råda frå myndigheitene om smittespreiing. Me ser at dei ikkje følgjer råda når dei står og pratar, seier Grini.

Forstår ungdommen

Både Grini og kommuneoverlege Kristin Sekse forstår at dei unge har lyst ut og ha det moro saman.

– Men me må berre følgje råda, seier Grini.

– Me kjenner på det alle saman, legg Sekse til.

– Dette er eit virus som gjer at også unge blir sjuke, påpeikar Blichfeldt Dyrland.

Grini minner om at sjølv om dei unge ikkje trur dei er utsette for å bli sjuke så har kanskje dei fleste nokon i familien som kan vere i faresonen. Det kan vere besteforeldre eller andre i familien som har astma eller diabetes.

To meter avstand

– Maks fem personar samla og to meter mellom kvar. Det er reglane ute, seier Sekse, også når ein samlast ut.

– Det blir ikkje mykje romanse ut av dette?

– Nei, seier Sekse.

Ho refererer til eit tv-program ho såg nyleg. Der vart det tydleg sagt at det berre er ein ein kan ligge med, og berre ein Tinder-date.

– Ein må halde seg til ein, understrekar Sekse.

Ikkje unødvendige reiser

– Har ein hytte på Lifjell så er det i eigen kommune. Kan ein reise med nokre venner på hytta?

– Alle reiser som ikkje er strengt nødvendige er ikkje anbefalt. Det gjeld også innanfor kommunen, seier kommunelegen.

Ho peikar på at det dessverre også gjeld familiebesøk.

– Men å reise på Lifjell for å gå på ski er greitt?

– Dersom ein held avstanden, seier Sekse.

Politiet sikrar seg

– Har politiet problem med å arrestere folk slik situasjonen er?

– Me brukar handskar og munnbind. Me må gjere ein jobb uansett, seier Grini.

Han seier at terskelen for å arrestere ikkje blir spesielt høg, men ein vurderer situasjonen.

Dersom det står seks personar i ei gruppe har ikkje politiet myndigheit til å gjere noko, men Grini seier at ein bed om at folk følgjer retningslinjene og er i dialog med dei.

Oppfordring til foreldra

Grini seier at politiet har vore i kontakt med russen og alle russetreff er avlyst.

Blichfeldt Dyrland håpar dei når fram til flest mogleg av dei unge med bodskapen. Ho oppfordrar foreldre og besteforeldre til å spreie bodskapen om at ein må halde seg til retningslinjene.