OPNAR BARNEHAGAR 20. APRIL: Det har vore stille i barnehagane i Midt-Telemark den siste månaden. 20. april opnar barnehagen på Gvarv og i resten av landet.
OPNAR BARNEHAGAR 20. APRIL: Det har vore stille i barnehagane i Midt-Telemark den siste månaden. 20. april opnar barnehagen på Gvarv og i resten av landet.

Gradvis gjenopning av samfunnet:

Opnar barnehagar og småskulen – held på reiserestriksjonar

Regjeringa opnar gradvis opp delar av samfunnet, men held fortsatt fast på nokre restriksjonar. Kommunane får heller ikkje høve til sjølv å bestemme kva som skal opnast.

Statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie og kunnskapsminister Guri Melby la i ettermiddag fram dei nye reglane for samfunnslivet vidare i koronakrisa. Det blir ei gradvis opning av samfunnet, men fortsatt vil det vere strenge restriksjonar på enkelte område.

I april skal barn tilbake til barnehagar og småskular. Også nokre elevar på vidaregåande skular og studentar får kome tilbake, i tillegg til at det kan bli opning for nokre nedstengde verksemder. Alle store idrettsarrangement og festivalar før 15. juni blir ikkje gjennomført, og det blir fortsatt anbefalt å ha heimekontor for dei som kan ha dette.

Forsiktig optimisme

Statsministeren skrytte av innsatsen til det norske folk den siste månaden, og uttrykte si medkjensle for dei som har mista nokon av sine i koronakrisa. Ho uttrykte også forsiktig optimisme rundt dei nye smitteanalysane, og meiner at nedstenginga av Noreg og dei tiltaka som har vore gjort har fungert.

– Me kan likevel ikkje senke skuldrene og lene oss tilbake og gå tilbake til kvardagen slik me kjenner den enno. Jobben nå er å fortsatt halde kontrollen. Me skal vidareføre mange av tiltaka, men gjere nokre justeringar, kontrollert og over tid. Saman, kontrollert og over tid er nøkkelbegrep framover, sa stasministeren.

Solberg understreka at ein må ha betre måtar å spore koronasmitte på før ein opnar samfunnet heilt.

– Til alle dykk som synest det tar lang tid: Eg forstår utolmodigheita, men lykkast me å få kontroll, kan me opne opp fortare, sa Solberg.

Sju endringar

Statsministeren la fram sju endringar av dei tiltaka som ein allereie har innført i det norske samfunnet, og understreka at alle har ein grunnplanke: For å gjere endringar må gode reglar for smittevern vere på plass. Dette blir endringane nå:

* 20. april skal barnehagane opne.

* 27. april opnar skulane for elevar i 1.-4. klasse, samt skulefritidsordninga (SFO). Grunnen til at dei må vente til slutten av månaden er at skulane treng tid til å planlegge dette. Ambisjonen er at alle elevar skal tilbake på skulen før sommaren.

* 27. april opnar ein vidaregåande skular for VG3-elevar som går på yrkesfag og er avhengig av verkstad og utstyr på skulen som dei ikkje har heime. Opning skjer viss det er smittevernforsvarleg.

* 27. april kan studentar som er i avslutning av ein grad og som treng utstyr dei har på lærestaden for å få fullført graden kome tilbake i normalt gjenge. Det same gjeld tilsette. Smittevernreglar må også her oppfyllast.

* 20. april blir det viss muleg opna for ein til ein-kontakt mellom pasientar og psykologar, kiropraktorar og fysioterapeutar.

* 27. april kan frisørar, massasje og hudpleie opne gradvis opp for ein til ein-teneste.

* 20. april kan ein igjen overnatte på hytta si. Regjeringa oppfordrar derimot å fortsatt avgrense alle unødvendige fritidsreiser.

Desse sju reglane er viktig lemping på tiltaka, men statsministeren og statsrådane understreka gang på gang at ein må halde på alle dei andre tiltaka fortsatt, og at dersom det ikkje går som venta, vil ein stramme inn på dette igjen.

Ikkje opning for idretts- og kulturarrangement

Før 15. juni er det ikkje høve til å arrangere store kultur- og idrettsarrangement, og regjeringa signaliserer at den kjem tilbake med opplysningar om resten av sommaren før 1. mai.

– Me opnar litt opp, men eg vil sterkt understreke at dette ikkje betyr at me må bli meir uforsiktige når det gjeld dei andre reglane som fortsatt består. Fortsatt må me unngå samling i større grupper, me må halde avstand og vere nøye med hygienen, og det kjem til å gjelde resten av året, sa statsministeren.

Ho oppfordrar folk til fortsatt å ha heimekontor, halde avstand som anbefalt og vaske hendene godt. Alle med symptomar på koronasmitte skal også halde seg heime, dessutan gjeld dei strenge reglane om karantene og isolasjon som før.

– Smittevern er ikkje eit skippertak. I denne krisa må me vise uthaldenheit. Saman har me mål om å slå ned smitta, saman skal me kontrollere den og slik skal me saman ta kvardagen vår tilbake, sa Solberg.

Nasjonale reglar

Helseminister Bent Høie opplyste at smittespreiinga er under kontroll, og at ein etter påske vil gå over til vanleg aktivitet i helsesektoren.

– Fleire vil nå bli kalt inn til vanleg undersøking og behandling igjen, og det skal vere trygt å møte opp til ein time. Me opnar for dette gradvis og forsiktig, sa helseministeren, som også understreka at kommunane sjølve ikkje får høve til å bestemme kva som skal opnast opp.

– Me må ha nasjonale reglar for å få dagleglivet til å gå rundt, sa Høie.

Annleis nasjonaldag

Etter framlegginga av endringane i tiltaka fekk statsministeren spørsmål rundt korleis ein skal feire 17. mai. Ho svarte at nasjonaldagen blir annleis.

– 17. mai kjem, spørsmålet er korleis me skal feire. Me har flinke 17. maikomitéar i heile landet som nå må tenkje annleis og finne måter å feire på slik at ein kan halde på smittevernreglane. Kulturministeren har invitert alle til å vere med på idédugnad og reglar rundt dette, sa Solberg.

– Me er ikkje ferdig med å vurdere dette og er nøydd til å sjå korleis det går med smitteutviklinga. Me skal nok finne gode måtar å markere 17. mai på, sjølv om det ikkje blir så mange prosesjonar og tog, sa statsminister Erna Solberg.