P
Aina på dagens Gullbring live
I kveld er det tid for den femte utgåva av Gullbring Live. Kveldens artist kjenner ein godt til i Bø, nemleg Aina Wassvik.
Straumekonsertane frå storsalen i Gullbring har vore ein suksess fire laurdagar på rad. i kveld er det Aina Wassvik frå Bø sin tur til å spele konsert «heime i stovene til folk». Aina er 21 år og lagar låtane sine sjølv og har ein hang mot gode tekstar og countrymusikk. For tida jobba ho med sitt debutalbum.