P
Populært hentebibliotek
Da Midt-Telemark bibliotek ikkje lenger kunne ha opne dører, kom dei opp med eit take away-tilbod. Det har blitt tatt godt imot.
Etter nærmare to månadar utan folkebibliotek, har folk i kommunen tatt imot det alternative tilbodet med opne armar. For om lag tre veker sidan starta biblioteket utlån av bøker, filmar og anna frå hyllene i posar etter bestilling frå lånarane. Det er eit tilbod mange har nytta.