EIN SKAL FORTSATT VASKE HENDENE VED HANDEL: Kiwi-tilsett Joakim Bakken ved
EIN SKAL FORTSATT VASKE HENDENE VED HANDEL: Kiwi-tilsett Joakim Bakken ved

Dugnaden er ikkje over – husk å handle med vett

Samfunnet opnar gradvis, men dugnaden for å halde korona-smitten unna er ikkje over.

– Både kundar og tilsette i daglegvarebutikkane har tatt smittevernreglar på alvor. Det må me fortsetje med, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke dagligvare i ei pressemelding.
Virke er hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæring i Noreg, og representerer over 24.000 verksemder.

Strenge tiltak

Daglevarebutikkane har sett i verk strenge smitteverntiltak, slik at det er trygt for kundar og tilsette å vere i butikken. Smitteverntiltaka er alt frå strenge krav til vasking og hygiene, til plexiglass framfor kassene og tiltak for å sørgje for minst ein meter avstand. Det er fortsatt avgrensingar på kor mange kundar som kan vere inne i dei minste butikkane samtidig.

– Bruk handlevett

− Smitteverndugnaden er ikkje over. Me må fortsatt følgje handlevettreglane. Ta omsyn til andre kundar og tilsette gjennom å halde avstand. Vask hendene, både før og etter handelen. Ikkje ta på varer du ikkje har tenkt å kjøpe, og betal helst kontaktlaust om du kan, seier Størksen.

Daglegvarebutikkane melder om at kundane har vore flinke til å spreie handlinga utover, sånn at det ikkje har vore for mange i butikkane på same tid.

Planlegg handel før 17. mai

− Husk å planleggje 17.mai-handelen godt. Ta gjerne med varer for venner og familie som er sjuke, eller som av andre grunnar ikkje kan handle sjølv. Me må fortsatt bidra til korona-dugnaden, også i butikken, avsluttar Størksen.