NATURLEG REAKSJON. Det er naturleg at folk kjenner seg slitne når ein no kan slappe litt av, meiner Siri Blichfeldt Dyrland.
POLITIKAR: Ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blichfeldt Dyrland. FOTO: Bø blad, arkiv

Status for Midt-Telemark frå ordføraren

Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland melder onsdag ettermiddag at det framleis ikkje er nokon i Midt-Telemark som er sjuke av Korona-viruset.

– Kommuneoverlegen seier at testkapasiteten er god. Fok må ta kontakt med legekontoret sitt om dei har spørsmål, skriv Blichfeldt Dyrland.

Ho opplyser at det blir lagt fram smitterettleiar i morgon etter at regjeringa har letta på restriksjonane for skular og barnehagar.

– Frå tysdag kan vanlege klassar samlast i klasseromma. Restriksjonane vil framleis gjelde i friminutta og på uteområda, skriv ordføraren.

Ho oppfordrar folk til å halde fram med rutinane når det gjeld handvask og hosting. Blichfeldt Dyrland skryt også av måten innbyggjarane har handtert situasjonen på.

For mange har tida med strenge restriksjonar vore svært krevjande. Når skuldrane kan senkast kan det føre til at me kjenner på at me er slitne. Det er naturleg. Hald fram med å ta godt vare på deg sjølv og andre, skriv Blichfeldt Dyrland.