Erik Bjørbæk, ny leiar i Raudt Midt-Telemark
E

Regjeringa må finansiere velferden

Publisert Sist oppdatert

I desse dagar er politikarar og administrasjon i full gang med å gå gjennom den kommunale drifta og eigedomsmassen for å kutte utgifter. Me i Raudt vil, i samarbeid med verneombod og tillitsvalde, vera med å leite etter slakk og unødvendig byråkrati. Me veit ikkje kor mykje me vil finne. Om me skal kutte titals millionar, då må me kutte i tenestene. Statistikken viser at på enkelte punkt er det mange kommunar som driv billegare enn oss. Dette blir gjerne framstilt som eit innsparingspotensiale, men det kan vera misvisande. Har dei som driv billegast effektivisert vekk slakk og byråkrati, eller har dei kutta i tenester? Har dei kutta i tenestene utover det forsvarlege, og kanskje utover det lovlege? Det seier ikkje statistikken noko om. KS har i samband med Kommuneproposisjonen 2021 spelt inn at staten over tid ikkje har tatt høgde for kostnadsveksten i kommunane, særleg på området helse og omsorg. Det er nettopp på dette området Midt-Telemark no ser ut til å måtte kutte mest.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS