Nybø peikte på at i fjor var fire av ti turistar frå utlandet. Dei fleste kjem frå EU og kan etter 15. juli kome til Noreg utan å gå i karantene. Det er nokre få land som er unnateke frå det, blant anna store deler av Sverige.
– Det er spesielt tyske turistar som kjem. Dei stod for to millionar gjestedøgn i fjor. Dei utgjer ein tredel av alle utlendingane, la Nybø til.
Sein ferie
Ho peika også på at mange i dei landa som folk kan kome frå, og som nordmenn kan reise til, har ferie i august. Det gjer at ein kan få turistar utover seinsommaren.
Smittetala går nedover i Noreg, grunnen er, vart det sagt på pressekonferansen, innsatsen til alle.
Stort ansvar
– Eg minner om at viruset vekst globalt. Det blir nye smitta kvar dag. Ei kvar opning aukar risikoen, understreka justis- og beredskapsminister Monica Mæland under pressekonferansen.
Ho peika på at mange har ofra mykje i kampen mot koronaviruset.
– Det ligg eit stor ansvar på oss alle for at den kampen ikkje skal vere forgjeves, understreka Mæland.

STORT ANSVAR: Justisminister Monica Mæland peikar på at det ligg eit stort ansvar på alle for å hindre at smitten aukar igjen.