NYTT KART: Det er nye område som er grøne og raude frå midnatt
NYTT KART: Det er nye område som er grøne og raude frå midnatt

Koronasituasjonen:

Deler av Sverige blir grønt, Spania blir raudt

Det er gjort nye vurderingar av koronasmitten og, som venta, kjem myndigheitene med nye reiseråd.

I ein pressekonferanse som landbruksminister Olaug Bollestad, assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet deltok på fredag ettermiddag vart nye land og fylke grøne og raude.

Kartet viser at følgjande område i Sverige er/har blitt grøne:

Blekinge, Kalmar, Kronoberg, Skåne, Värmland, Örebro og Östergötland

Følgjande land er/har blitt raude:

Andorra, Bulgaria, Kroatia, Luxembourg, Portugal, Romania, Spania

Kjem ein til Noreg frå eit grønt område eller land slepp ein karantene, kjem ein til Noreg frå raudt område må ein i karantene i ti dagar.

Smittetala går ned i Sverige og det gjer at myndigheitene opnar for at til saman sju len no er opne for at nordmenn kan reise dit utan at ein må i karantene når ein kjem heim. Dersom det ikkje blir endringar.

Ungarn har også nedgang i smittetala og har blitt grønt.

Berg opplyste at ein av grunnane til at ein ikkje gir råd på regionsnivå i resten av Europa er blant anna at det er få land som gjer slike vurderingar. Det blir vurdert å gi råd på regionnivå i framtida.

Skillet mellom grøne og raude område/land er som før: om det er færre eller fleire enn 20 stadfesta smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar site 14 dagane.

Når flyet landar som tel

Nakstad sa at det er status (raud eller grøn) til landet når flyet landar som tel når ein skal vurdere karantene. Skillet for Spania er ved midnatt i natt, fredag.

Mellomlandar ein i eit raudt land på veg heim frå eit grønt må ein i karantene. Derimot kan ein køyre gjennom eit raudt område utan at ein må i karantene når ein kjem heim. Nakstad forklarte forskjellen med at dersom ein køyrer gjennom eit område og berre f.eks. fyller bensin er ein ikkje i kontakt med folk. Det er ein gjerne om ein mellomlandar på ein flyplass.

Veldig stabil situasjon

– Det er bare tre personar innlagt med korona i Norge. Men det er smitteutbrot, påpeika Nakstad.

Han viste til at sidan det er unge menneske som oftast blir smitta no er det fare for at dei er i kontakt med mange, og kan smite mange, fordi dei gjerne har svake symptom.

Han viste også til at det er så lite smitte i Noreg at det er større fare for å bli smitta i eit anna land med grøn status i Noreg.