NULL SMITTE: Det er 104 kommunar, av 356, som per 15. april ikkje har registrert koronasmitte. Rangert etter innbyggjartal er Midt-Telemark nummer tre i heile Noreg på denne lista.
OPPHEVAR FELLES RÅD. Soneinndelinga og dei sameinte koronaråda for Vestfold og Telemark vart oppheva frå i dag

Viktig påminning frå Røde Kors:

Koronavettreglane

Me er inne i ei tid der koronaviruset er i oppblomstring og smittetala stig i heile Euorpa, inkludert Noreg. Da kan det vere eit poeng å minne om reglane ein må følgje for å bli kvitt viruset. Røde Kors har laga ei liste med koronavettreglar som alle bør følgje nå.

  1. Følg myndigheitenes råd til ei kvar tid

…og husk at råda kan bli endra på kort varsel. Bruk bare sikre kjelder for informasjon om viruset og sjukdomen. Sjekk helsenorge.no.

  1. Vår oppførsel kan redde liv

Ta ansvar for å unngå smittespreiing. Ver nøye med handhygiene og hald minst ein meters avstand frå andre menneske. Respekter reglane for karantene.

  1. Aksepter eigne og andres kjensler

Me reagerer forskjellig i stressande situasjonar. Det er normalt å føle seg trist, lei, forvirra, bekymra eller sint under ei krise.

  1. Ikkje bruk alkohol eller andre rusmidlar for å takle ein stressa situasjon

Handter kjenslene dine på ein sunn måte.

  1. Hald kontakt med vener og familie

…på telefon, epost eller sosiale medium viss du ikkje kan vere i kontakt med dei fysisk.

  1. Vis omsorg

…og ta spesielt kontakt med nokon du trur kan oppleve einsemd. Ikkje gå på besøk til nokon som er i karantene eller isolasjon.

  1. Viruset kan ramme alle

Du må ikkje bidra til at frykt for viruset fører til stigmatisering av enkeltmenneske eller grupper.

  1. Ta vare på deg sjølv

Spis sunt, ver i aktivitet og få nok søvn også om du jobbar heime eller er i karantene. Gi deg tid til å koble av med film, bøker eller anna. Ikkje bruk all tid på å følgje med på sjukdomsnyheiter.

  1. Ikke sett deg sjølv eller andre i ein situasjon kor de treng hjelp

frå helse- eller beredskapsressursar utanfor eigen heim.