– ALLE MÅ TA ANSVAR. Kommuneoverlege Kristin Sekse understrekar at alle har karanteneplikt. Det er ikkje noko ein kan velje bort, og det er viktig at både dei som har reist til raude land og dei som har testa seg og ventar på svar sit i karante.
– ALLE MÅ TA ANSVAR. Kommuneoverlege Kristin Sekse understrekar at alle har karanteneplikt. Det er ikkje noko ein kan velje bort, og det er viktig at både dei som har reist til raude land og dei som har testa seg og ventar på svar sit i karante.

Vil ikkje nøle med å stenge ned lokalsamfunnet

Smittespreiing av koronaviruset aukar dag for dag i heile landet. Framleis er det ikkje registrert smitte i Midt-Telemark, men kommuneoverlegen er førebudd på at den kjem. Ho vil ikkje nøle med å setje inn strenge tiltak dersom det trengst.

– Det har vore ei kaotisk veke, med svært mange spørsmål både frå skular og studiestader i samband med skulestart, seier kommuneoverlege Kristin Sekse, som likevel er svært nøgd med korleis det så langt ligg an i Midt-Telemark i forhold til smitteutvikling.

Har avlyst arrangement

– Eg må skryte av Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Studiestaden har tatt smittevern og utviklinga i samfunnet på stort alvor. Ved USN i Bø er dei ikkje bare flinke til å oppfordre og leggje til rette for at studentane følgjer smittevernreglane. Dei er òg flinke til å sjå aktivt til dette ved at det ikkje er for mange studentar som samlar seg på ein stad. USN har mellom anna auka eige vakthald denne veka. Også fleire store arrangement som var planlagt i samband med fadderveka har blitt avlyst, seier Sekse, og innrømmer at ho har fått inn ein del meldingar frå bygdefolk som synest studentane er for mange i gruppene når dei vandrar rundt i lokalsamfunnet.

– Eg synest likevel at dei ved USN er flinke til å minne studentane på å ta ansvar, og i helsesektoren er me veldig glade for at universitetet tek tak i dette. Det er ikkje til å kome frå at me nå er veldig spente på korleis situasjonen utviklar seg med så mange studentar samla i kommunen, seier Sekse.

Press på koronatelefonen

Denne veka starta Midt-Telemark kommune opp massetesting av innbyggjarar og tilreisande til kommunen, med testtelt på plass ved legesentra både på Gvarv og i Bø.

– Testinga har tatt seg opp med ein markant auke. Bare dei tre første dagane denne veka var det rundt 100 personar som testa seg for Covid 19, seier Sekse.

Ho fortel at takka vere dyktige helsearbeidarar som har gjort ein kjempeinnsats, er kapasiteten god og situasjonen under kontroll.

– Massetesting har hittil gått greitt, men det er stort trykk på kommunens koronatelefon. Den har ikkje stått stille denne veka, og ikkje alle kjem gjennom på den. Me oppfordrar likevel alle til å prøve igjen dersom dei ikkje får svar, seier kommuneoverlegen, og legg til at dei mellom anna jobbar med å få ei betre løysing på bestilling av time til testing.

Ho fortel at koronatelefonen er open eit par timar på føremiddagen og eit par timar på ettermiddagen.

– Det kan bli aktuelt å utvide opningstidene til koronatelefonen viss presset aukar, men førebels har me nokre praktiske utfordringar som me skal løyse først.

https://boblad.no/2020/08/05/kommuneoverlegen-har-klare-rad-til-innbyggjarane-framover/

Vil stenge ned lokalt

Fortsatt er det ikkje påvist koronasmitte i Midt-Telemark, ifølgje kommuneoverlege Sekse. Ho opplyser at styrking av smittespreiingsteamet nå er på plass, men at installeringa av det nye digitale smittesporingssystemet tek tid. I mellomtida jobbar dei etter gammalt system.

– Me er alle redde for at me skal få eit utbrot av ukontrollert smitte. Viss det skulle skje, er me ikkje redde for å innføre strenge reglar, tiltak og nedstenging av lokalsamfunnet. Det må alle vere førebudde på, seier Sekse.

I dag er det mellom anna strenge reglar for tilsette i helsesektoren. Dei som har vore ute og reist, må mellom anna i karantene, uansett kva for land dei har vore i. Arrangement skal òg vere underlagt strenge smittevernreglar, ifølgje Sekse.

Alle har karanteneplikt

Planen til kommunen er nå å leggje ut ein plakat frå Folkehelseinstituttet (FHI) på kommunens heimesider som seier noko om karanteneplikt.

– Det er viktig at folk nå forstår kva det vil seie å vere i karantene. Ein har faktisk plikt til å overhalde den. Ein kan ikkje velje om ein skal vere i karantene eller ikkje, seier Sekse.

– Har ein vore ute og reist er ein pliktig til å setje seg inn i reglane for karantene og kva for land som til ei kvar tid er raudlista. Det vil seie at ein må sitje i karantene dersom ein har vore i desse landa. Dette må ein vere påpasseleg med, også om ein har vore til Sverige, seier Sekse.

Må teste seg ved symptom

Kommuneoverlegen understrekar også kor viktig det er å teste seg dersom ein har eitt eller fleire symptom på koronasmitte.

– Har du symptom har du også plikt til å teste deg. Da har du også karanteneplikt fram til resultatet av koronatesten er klar. Karantene betyr likevel ikkje isolasjon. Er ein i karantene, bør ein halde seg mest muleg heime, men ein har lov til å gå utandørs viss ein held svært god avstand til andre. Viss ein absolutt må på butikken, bør ein gjere det når det er lite folk der.  Det beste er å unngå det, seier Sekse.

Faktaboks

Covid-19 rammar forskjellige folk på forskjellige måtar. Dei fleste som blir smitta, utviklar mild til moderat sjukdom og blir friske utan å måtte på sjukehus.

Vanlege symptom:

* feber
* tørrhoste
* trøytt
Mindre vanlege symptom:
* verk og smerter i kroppen
* sår hals
* diaré
* øyekatarr
* hovudpine
* tap av smaks- eller luktesans
* utslett på huden eller misfarging av fingrar eller tær
Alvorlege symptom:
* pustevanskar eller at ein blir andpusten
* brystsmerter eller trykk i brystet
* tap av tale- eller bevegelsesevne
Oppsøk lege umiddelbart viss du har alvorlege symptom. Ring alltid før du besøker legekontoret eller andre helsetenester.

Personar som har milde symptom, men som elles er friske, bør halde seg heime.

I gjennomsnitt tar det 5–6 dagar frå ein person blir smitta av viruset, til vedkomande utviklar symptom. Det kan  likevel ta opptil 14 dagar.

Kjelde: WHO