Frå arkivet: Bø blad for 25 år sidan – 17. august 1995

Publisert Sist oppdatert

Fleire syklar enn bilar!
Motsett før blir det nå fleire P-plassar for syklar enn bilar ved Høgskolen i Gullbring: 380 mot 252. Og dei nye parkeringsbåsane er breispora, altså også for offroadsyklar.
Det er byggansvarleg Reidar Førde som fortel dette.
– Til og med vintersid var det manko på p-plassar for syklar i fjor. Då hadde me laga 115 og dei var ”smalspora”. At folk nå stort sett nyttar breie dekk, har me teke konsekvensen av.
– Det blir og 20 nye p-plassar for bil, slik at dei kjem i tillegg til dei 232 me hadde i fjor.
– Elles blir det spanande å sjå kor mange studentar som vil ta ”Bøbussen”. Han kjem forbi her to gonger i timen og stoppar i rundkøyringa vår. Serleg vil nok studentar mot Oterholt og Folkestad få nytte av det fine tilbodet, ja, også folk høgt i Breisås.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS