P
Minister delte ut prisar for lokalmat i særklasse
Både bakstekjerringane i Bakstelauget og frukt- og bærpressarane på Epleblomsten må rydde plass til nye diplomar. Dei fekk begge tysdag det høgthengjande Spesialitet-merket av sjølvaste matministeren.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) var på besøk i fruktbygda tysdag. Ministeren med følgje var innom fire lokale aktørar i fruktmiljøet: Landets største fruktpakkeri og -lager; Telefrukt, ein markant lokal fruktbonde; Jarl Olav Rugtveit, frukt- og ølgarden; Lindheim gard, og planteprodusenten Sagaplant.