FUNGERER GODT: Teststasjonen med drive-in-løysing ved Bø frivilligsentral fungerer godt, ifølgje kommuneoverlegen.
FUNGERER GODT: Teststasjonen med drive-in-løysing ved Bø frivilligsentral fungerer godt, ifølgje kommuneoverlegen. FOTO: Nina Fåne

Fortsatt smitte-roleg i Midt-Telemark

Enkelte smittestatistikkar melder nå om personar smitta med covid-19 i Midt-Telemark. Ifølgje kommuneoverlegen stemmer ikkje dette.

– Me har fortsatt ingen smittetilfelle i kommunen vår, seier kommuneoverlege Kristin Sekse, og avkreftar statistikken der Midt-Telemark er registrert med smittetilfelle.

Skaper forvirring

– Det skaper litt trøbbel, meirarbeid og forvirring både for meg, media og andre når personar som er folkeregistrert i Midt-Telemark, men som verken bur, arbeider eller oppheld seg her, blir smitta og registrert i vår kommune. Når eg som kommuneoverlege da melder om at her er smittefritt, byrjar jo folk å lure, seier Sekse.

Ho fortel at kommunen har hatt to slike tilfelle til nå.

– Tilfellet som står på statistikken per dags dato er ein person som bur, jobbar og blir følgd opp i Oslo. Personen har heller ikkje vore i Bø på ei stund, opplyser kommuneoverlegen.
Sekse er glad for at det fortsatt ikkje er registrert smitte i kommunen.

– Det er på tross av at me testar stadig fleire for koronasmitte. I førre veke testa me 216 personar for covid-19, og så langt har ingen testa positivt, seier ho.

God kapasitet

Kommuneoverlegen fortel at kommunen nå har kapasitet til å teste 60 personar om dagen. Onsdag denne veka var det sett opp 50 til testing.

– Alle som har luftvegssymptom blir nå testa, og det er bra, seier Sekse.
Ifølgje kommuneoverlegen fungerer teststasjonen ved Bø frivilligsentral svært godt.

– Det er god flyt, sjølv om det er mange innom. Det er viktig å vere klar over at ein kanskje må vente litt for å få testa seg nå ettersom pågangen er så stor. Viss ein ringer same morgon som ein vil teste seg, kan det hende at ein må vente med testing til neste dag dersom mange har bestilt time, seier Sekse.

Må følgje reglane

I forhold til smittetala som nå aukar fleire stader i landet, er kommuneoverlegen tydeleg på kva folk i Midt-Telemark må gjere viss dei fortsatt vil unngå smitte i kommunen.

– Auka smitte i Noreg er stort sett knytt til arrangement og samling av folk i større grupper der smittevernreglane er meir eller mindre ivaretatt. Dersom ein absolutt må samle mange menneske på ein sta, er det i alle fall viktig at smittevernråda blir halde i hevd, seier Sekse.

– Utbreiing av koronasmitte blir heilt klart mindre dersom me held oss til avstandsregelen spesielt. Det har i alle fall hindra enda større omfang av smitte i dei områda som til nå har vore råka av smitteutbrot i Noreg. Det er bra at folk er flinke til å halde avstand og vaske hendene ofte. Det må me fortsetje med.