HAR KONTROLL. Kommuneoverlege Kristin Sekse opplyser at ein har god kontroll på koronasmitte i Midt-Telemark.
FÅR HEIDER: Kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome, Kristin Sekse, har fått pris for arbeidet sitt under pandemien. FOTO: Hilde Eika Nesje

Manglar utstyr, må kutte i testinga

På grunn av manglande testutstyr hos leverandøren, må ein nå rasjonere på testinga i Midt-Telemark. Det får konsekvensar for alle med symptom på covid-19.

Smitten lar fortsatt vente på seg i Midt-Telemark, men kommuneoverlegen melder nå at det har oppstått eit anna alvorleg problem.

Manglar utstyr

– Me har fått problem med testkapasiteten fordi me ikkje har fått gjennom bestillinga vår på meir testutstyr. Ei stor nasjonal bestilling står fast og har ført til at laboratoriet Unilabs i Skien, som me brukar og får testutstyret vårt frå, har gått tom for utstyr. Dette er dessverre utanfor vår kontroll og nå må me bare vente. Me håpar at me får meir testutstyr i slutten av denne veka eller i starten av neste, seier kommuneoverlege Kristin Sekse.

Ho legg til at dette viser kor sårbare ein er under pandemien.

– Dette betyr at me må rasjonere på testutstyret, noko som fører til at me ikkje kan teste så mange som me vil. Det er veldig synd at dette skjer akkurat når me har fått opp testkapasiteten i kommunen, seier Sekse.

Testing av studentar utsett

Sist veke meldte kommuneoverlegen at dei kunne teste opp mot 60 personar om dagen, og at dei var inne i ein god flyt. Rett etter fekk ho beskjed om at det var problem med levering av utstyr.

– Frå torsdag i førre veke blei det nesten full stopp i testinga. Me rakk å teste 189 til og med onsdag. Til og med tysdag denne veka har me ikkje testa fleire enn 37 for smitte.

Også den planlagte massetestinga av studentane på universitetet i Bø er utsett på grunn av manglande utstyr til å få gjennomført dette.

Må halde seg heime

– Me prioriterer ganske strengt fram til nytt utstyr er på plass. Den vesle mengda me har nå må gå til dei sjukaste og helsepersonell, seier Sekse.
Det vil få konsekvensar for alle som har eller lurar på om dei har symptom på covid-19

– Dei som har symptom på smitte må nå halde seg heime heilt til dei er symptomfrie før dei går tilbake til jobb og skule, seier Sekse.

Travel koronatelefon

Sjølv om ein testar færre i ein periode, er koronatelefonen oppe og går. Ifølgje Sekse er pågangen stor. Telefonen er ope kvar dag i periodane klokka 09-10.30 og 13-15.

– Me oppfordrar folk til å ringe den viss dei lurar på noko kring smitte. Når det gjeld spørsmål rundt smittevern og liknande ved private og offentlege arrangement, bed me om at folk helst sender oss ein e-post, eller at ein sjekkar helsenorge.no sine sider. Der står det meste godt forklart, seier Sekse.