HAR KONTROLL. Kommuneoverlege Kristin Sekse opplyser at ein har god kontroll på koronasmitte i Midt-Telemark.
FÅR HEIDER: Kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome, Kristin Sekse, har fått pris for arbeidet sitt under pandemien. FOTO: Hilde Eika Nesje

Første smittetilfelle i Midt-Telemark

Ein person har testa positivt på Covid-19 i Midt-Telemark, melder kommuneoverlegen laurdag ettermiddag.

Ifølgje Midt-Telemark kommune sine heimesider melder kommuneoverlegen om at ho i dag har fått tilbakemelding om at ein person har testa positiv på Covid-19 i Midt-Telemark kommune.

Meldinga frå kommuneoverlegen blei publisert ved 16-tida laurdag.

– Personen som har testa positivt har vore i nærkontakt med ein annan person som har vore smitta i Oslo. Den som er smitta har halde seg i karantene/isolasjon etter ankomst frå Oslo for nokre dagar sidan, og ikkje hatt kontakt med nokon i kommunen, så det har ikkje vore behov for smittesporing, skriv kommuneoverlege Kristin Sekse.

Personen som er smitta har ifølgje kommunoverlegen folkeregistrert adresse i ein annan kommune.

– Det er gitt beskjed til vedkomande om fortsatt isolasjon i heimen, med vidare oppfølging etter helga, skriv Sekse.
FIKS smittesporingsprogram er dermed tatt i bruk for registrering av dette tilfellet.