165 plateinnspelingar på rullebladet
– Midt-Telemark er eit flott område, stappfullt av både natur og kultur, seier innflyttar i Midt-Telemark, Trond Villa (65).
Når flytta du til Midt-Telemark, og kvifor?
– Eg har vore frilansmusikar sidan midten av 70-talet og undervist i musikkskular/kulturskular sidan tidleg 80-tal. Eg og kona mi, Janne, underviste på musikkskulen i Oslo, og da den blei lagt ned i ein periode drog me til Mosjøen i Nordland der me var distriktsmusikarar i perioden 1991-1997. Så søkte eg, og fekk, jobb som leiar for Telemarkkonsertar i Bø i 1997. Her jobba me fylkeskommunalt med kontor i Gullbring. Me arrangerte massevis av konsertar i heile fylket vårt. Ein veldig givande jobb, og me fekk kontakt med store delar av både utøvarar og arrangørar i kulturfylket Telemark. Etter ti års tid her, starta eg som kulturskolerektor/lærar ved kulturskulen i Sauherad (på Gvarv, der eg bur). Sidan har eg jobba der til eg gjekk av med pensjon til nyttår.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp