FÅR FLEIRE ABONNENTAR. Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark aukar opplaget med 62 i siste halvår. Det jublar journalistane Marta Kjøllesdal (t.v.) og Gro Birgitte Røiland for.
FÅR FLEIRE ABONNENTAR. Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark aukar opplaget med 62 i siste halvår. Det jublar journalistane Marta Kjøllesdal (t.v.) og Gro Birgitte Røiland for.

Lokalavisa i Midt-Telemark aukar opplaget

Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark har fått 62 fleire abonnentar det siste halvåret. Det er ein opplagsauke på 2,4 prosent samanlikna med siste halvår i 2019.

Dei minste lokalavisene opplever stabile opplagstal, og står fortsatt sterkt blant folk. Dei over 110 avisene tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) har omtrent same samla opplagstal siste halvår som førre halvår.

Nest best i prosentvis auke

Bø blad er ei av avisene som har grunn til å juble når dei ferskaste opplagstala blir presentert. Netto opplag har auka frå 2559 i siste halvår 2019, til 2621 i første halvår 2020. Det betyr at lokalavisa i Midt-Telemark har fått 62 fleire abonnentar, altså lesarar som er villig til å betale for innhaldet i avisa. Prosentvis auke er 2,4.

Bare ei anna lokalavis i Telemark har høgare prosentvis vekst enn Bø blad. Rjukan Arbeiderblad har fått 66 fleire abonnentar siste halvår, og med eit netto opplag på 2479 har avisa dermed ein prosentvis auke på 2,7.

Størst i Telemark

Kragerø Blad Vestmar har også ein auke. Med 68 fleire abonnentar siste halvår, har denne lokalavisa ein prosentvis auke på 1,3 prosent i opplaget sitt.

Regionavisa TA er den som aukar aller mest når det kjem til endring i netto opplag. Avisa har fått 481 fleire abonnentar. Med totalt 22.510 abonnentar er avisa nå størst i Telemark. Ser ein på prosentvis auke i opplaget kjem TA på tredjeplass, med ein auke på 2,2 prosent.

Aviser med nedgang

Ser ein på resten av avisene i Telemark har alle nedgang i abonnementstala.

Størst nedgang har Porsgrunns Dagblad, med 121 færre abonnentar siste halvår (- 2,2 prosent).

Lokalavisa Kanalen i Nome, som er eigd av Bø blad AS, har ein nedgang på 35 abonnentar (- 1,8 prosent), medan Vest-Telemark blad har mista 71 abonnentar siste halvår (- 1,3 prosent).

Drangedalsposten har fått 23 færre abonnentar siste halvår (-1,2 prosent), Varden har ein nedgang på 169 abonnentar (- 0,9 prosent) og Telen på Notodden har mista 24 abonnentar (- 0,6 prosent).

Digitaliseringa skyt fart

Dei ferske opplagstala viser også at digitaliseringa og innovasjonstakten i mediebransjen fortset. Nesten 90 prosent av LLA-avisenes opplag er nå tilgjengeleg digitalt, der lesarane får lokal journalistikk og annonser både på nett og papir.

Tala for første halvår 2020, som LLA og MBL la fram i dag, onsdag, stadfestar altså at lokalavisene fortsatt står sterkt i Noreg.

LLA-avisenes samla opplag er stabilt. Avisene i LLA har nå eit netto opplag på drøye 361.000. Samanliknbare tal med forrige halvår viser ein nedgang på rundt 1000 abonnentar.

– Gjer ein viktig jobb

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik kommenterer dei ferske opplagstala slik:

– Lokalavisene har alltid gjort ein viktig jobb. I tillegg til å gje innbyggjarane nyheiter som betyr noko for folks kvardag, bidreg lokalavisene til å skape samhald og lokal identitet. Også etter at korona-epidemien slo inn over Noreg, har me fått demonstrert at lokalavisene tar samfunnsansvar. Avisene våre har bidratt med livsviktig informasjon for innbyggjarane, seier Bruvik.

Sandnesposten, Bladet Vesterålen og Dag og Tid er blant dei nesten 40 av LLAs aviser som aukar nettoopplaget det siste halve året. Opplagsvinnar Sandnesposten aukar med 491 og har nå eit samla opplag på 7.395. Også Sogn Avis og Kyst og Fjord er blant lokalavisene som gjer det godt i LLA-familien.