I KARANTENE. Fleire klasser ved Bø skule er sett i karantene fredag 25. september.
KONTROLL. Politiet gjennomførte atferdskontroll ved Bø skule onsdag morgon.

Saka er oppdatert:

122 personar ved Bø skule sett i karantene fredag – høg risiko for smitte

122 personar ved Bø skule er sett i karantene fredag i påvente av svar på ein covid-19-test.

I samband med at fleire personar torsdag kveld blei meldt som nærkontaktar til ein person som er smitta av covid-19, er fleire klasser ved Bø skule sett i førebels karantene i dag, fredag.

Det gjeld 112 elevar på heile andre og fjerde trinn, i tillegg til ti assistentar og lærarar, til saman 122 personar, ifølgje einingsleiar for kommunikasjon og service, Marte Midthun Lie, i Midt-Telemark kommune.

Alle dei aktuelle klassene har blitt informert, elles går undervisninga som normalt ved Bø skule.

– Skulen har god erfaring med heimeskule etter ein lang periode med nedstengning i vår, og det er den som styrer det pedagogiske viss ein smittesituasjon oppstår, seier Midthun Lie.

Høg risiko for smitte

Kommuneoverlegen i Midt-Telemark, Kristin Sekse, vurderer risikoen for smitte som relativt høg ved skulen, og kommunen innfører derfor karantene i påvente av svar på ein covid-19-test.

Sekse opplyser til Bø blad at personen som har tilknyting til Bø skule og som nå ventar på testsvaret ikkje er definert som smitta enno, men har hatt besøk av ein person som har testa positivt for covid-19.

– Det har vore ein person frå ein annan kommune på gjennomreise i Midt-Telemark. Vedkomande har fått påvist smitte, dermed blir alle som denne personen har vore på besøk hos nærkontaktar, seier Sekse.

– Familien som har hatt besøk av den som er smitta opplever dette som ei stor påkjenning. Dei har ikkje gjort noko galt, så folk må ikkje døme. Dei har hatt uflaks. Dette viser bare at smitten er overalt og at me heller ikkje i vår kommune må gløyme gjeldande smittevernreglar, seier Sekse.

Får svar fredag ettermiddag

Ho fortel at heile familien nå er testa for covid-19 og at ein har køyrt alle testane direkte til Skien for å få svar så raskt som muleg. Endeleg svar på testane vil truleg vere klart i løpet av fredag ettermiddag.

Ifølgje Sekse vil nærmare informasjon bli gjeve til alle involverte når ein har svar på prøvene.

Alle skal få beskjed

– Me førebur nå smittesporing dersom det viser seg at personen som er knytt til Bø skule er smitta, seier Midthun Lie, og understrekar at det som er viktig nå er at ikkje alle ringer til kommunen, men avventar situasjonen.

– Dersom det viser seg at testen me ventar på er positiv, skal alle som blir definert som nærkontaktar til den smitta via smittesporing få direkte beskjed frå kommunen. Da får ein meir informasjon og beskjed om kva ein skal gjere vidare. Dersom ein ikkje høyrer noko, skal ein gjere som ein pleier, og sjølvsagt fortsatt halde god avstand til andre og ha god handhygiene, seier Midthun Lie.

Førebur seg

Ho opplyser at kommunen i mellomtida førebur seg på ulike scenario. Talet på dei som er sett i karantene nå gjev ein peikepinn på kven som må i karantene i ein lenger periode ved smitte, sjølv om det mest sannsynleg blir ganske mange færre.

– Me må alltid vere føre var og lage ein god sirkel rundt mulege smitta slik at mulegheiten for smittesporing blir god. Så kan me heller redusere talet på dei dette får konsekvensar for når me ser kva for premissar me har, seier Midthun Lie.

Karantenekravet ved smitte vil truleg bli ti døgn, og det medfører mellom anne at ein ikkje skal gå på skule, jobb eller besøk til andre, men halde seg mest muleg heime.

Midthun Lie tilviser elles dei som vil ha meir informasjon om karantenereglar og anna til heimesidene www.helsenorge.no