bø skule haust
HAR TESTA POSITIVT. Ein person knytt til Bø skule har testa positivt på covid-19.

Ein har testa positivt – smittesporing i gang

Ein person knytt til Bø skule har testa positivt på covid-19. Kommunen er nå i gang med smittesporing.

Kommuneoverlege i Midt-Telemark, Kristin Sekse, stadfestar at ein av personane i kommunen som er testa for covid-19 har testa positivt. Det er venta svar litt seinare i dag på dei øvrige testane som blei sendt til laboratoriet i føremiddag.

– Personen med positiv test er sett i heimeisolasjon og kommunen er i gang med smittesporing, opplyser Sekse.

Ifølgje Sekse vil nærmare informasjon bli gjeve til alle involverte.

– Dersom nokon skal i karantene, blir dei kontakta direkte av smittesporingsgruppa. Alle nærkontaktar til den smitta skal i smittekarantene. Blir ein kontakta gjennom smittesporing, får ein beskjed om kva som gjeld for den enkelte, understrekar Sekse.

https://boblad.no/2020/09/25/fleire-klasser-ved-bo-skule-i-karantene-fredag/

Det var i samband med at fleire personar torsdag kveld blei meldt som nærkontaktar til ein person som er smitta av covid-19 at fleire klasser ved Bø skule blei sett i førebels karantene i dag, fredag.

Det gjeld 112 elevar på heile andre og fjerde trinn, i tillegg til ti assistentar og lærarar, til saman 122 personar, ifølgje einingsleiar for kommunikasjon og service, Marte Midthun Lie, i Midt-Telemark kommune.

Alle dei aktuelle klassene har blitt informert, elles har undervisninga gått som normalt ved Bø skule i dag.

Alle får beskjed

– Alle som blir definert som nærkontaktar til den smitta via smittesporing får direkte beskjed frå kommunen. Da får ein meir informasjon og beskjed om kva ein skal gjere vidare. Dersom ein ikkje høyrer noko, skal ein gjere som ein pleier, og sjølvsagt fortsatt halde god avstand til andre og ha god handhygiene, seier Midthun Lie.

Blir sett i karantene

Karantenekravet ved smitte vil truleg bli ti døgn, og det medfører mellom anna at ein ikkje skal gå på skule, jobb eller besøk til andre, men halde seg mest muleg heime.
Midthun Lie tilviser elles dei som vil ha meir informasjon om karantenereglar og anna til heimesidene www.helsenorge.no

Faktaboks

Karantene
Blir du sett i smittekarantene skal du:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå besøk
  • Du kan gå tur, men med godt over 1 meters avstand til andre
  • Du kan gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk eller apotek
  • De som bur saman kan omgåast som normalt
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Får du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du isolere deg og teste deg
  • Ved positivt svar skal du over i heimeisolering

Les meir om dette her: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

Testing
Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg.

Ring koronatelefonen på 35 05 93 59, eller send melding til tlf 908 30 217 for å bestille time.

Du treng ikkje gå via fastlege.