KOMMUNEOVERLEGE: Kristin Sekse.
KOMMUNEOVERLEGE: Kristin Sekse. FOTO: Hilde Eika Nesje

Kommuneoverlegen i Midt-Telemark:

– Me kan avslutte karantenen

Kommuneoverlege i Midt-Telemark, Kristin Sekse, opplyser fredag ettermiddag at ein kan avslutte karantenen ved Bø skule.

– Me har fått beskjed frå laboratoriet i ettermiddag om at dei aktuelle elevane ved Bø skule har testa negativt for covid-19. Ein person med tilknytning til elevane har testa positivt, og får oppfølging. Smittesporing er avslutta for dette tilfellet, og alle aktuelle nærkontaktar er informert, seier Sekse.

Det betyr ifølgje kommuneoverlegen at ein kan avslutte karantenen for dei involverte klassene umiddelbart.

Alle må vere forsiktige

– I og med at det nå er funne smitte i Bø, vil det likevel vere svært viktig at alle nå er særleg merksame på luftvegssymptom og let seg teste sjølv ved milde symptom. Dette kan ein gjere frå og med måndag, seier Sekse.

Ho ber dei som eventuelt skal teste seg om å ta kontakt med koronatelefonen til kommunen for test. Ho minner også alle innbyggjarar på å halde god avstand og vaske hendene godt og ofte

– Eg er glad for at me kan avslutte karantenen for så mange, men me skal følgje litt nøye med nå. Dette er ein vekkjar for kommunen, og har vore ei svært god øving, seier Sekse.

Smittesporing fungerer bra

Ho opplyser at den eigentlege planen for dagen i dag var å ha ei stor øving i smittesporing i Midt-Telemark kommune.

– I staden fekk me prøvd ut korleis ting fungerer på verkeleg. Det var nyttig, og eg må seie at det meste fungerte veldig bra. Me har sjølvsagt ikkje evaluert enno, men me føler at me har god kontroll på smittesporingssystemet nå, seier kommuneoverlegen.

Nærkontaktar i karantene

Sekse fortel at mange har spurt om karantenereglar og kor nær ein må ha vore ein smitta for å gå i karantene.

– Bare dei som har vore i nær kontakt med den smitta er definert som nærkontakt. Dei som har hatt kontakt med nokon som er nærkontaktar, eller bur saman med ein nærkontakt, treng ikkje vere i karantene. Dei kan leve normalt, seier Sekse.

https://boblad.no/2020/09/25/fleire-klasser-ved-bo-skule-i-karantene-fredag/

Faktaboks

Karantene
Blir du sett i smittekarantene skal du:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå besøk
  • Du kan gå tur, men med godt over 1 meters avstand til andre
  • Du kan gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk eller apotek
  • De som bur saman kan omgåast som normalt
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Får du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du isolere deg og teste deg
  • Ved positivt svar skal du over i heimeisolering

Les meir om dette her: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

Testing
Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg.

Ring koronatelefonen på 35 05 93 59, eller send melding til tlf 908 30 217 for å bestille time.

Du treng ikkje gå via fastlege.