STRAMMAR INN: Statsminister Erna Solberg la søndag kveld fram nye innstrammingar og påbod i smitteverntiltaka.
LOKALT ANSVAR: Statsminister Erna Solberg sa at når ein opnar opp no er ein avhengig av at kommunane lokalt tek grep om det blir lokale utbrot.
SKJER I MORGON: Statsminister Erna Solberg har kunngjort dato og klokkeslett for når me kan gå tilbake til eit meir normalt liv. FOTO: Eirin Larsen, SMK

Regjeringa lettar på koronatiltak

I ein pressekonferanse onsdag opplyser statsminister Erna Solberg at ein vil opne opp gradvis for breiddeidretten og redusere avstanden på kulturarrangement.

– Erfaringa i haust har vist at me kan behalde kontrollen og slå ned smitten lokalt, sa statsminister Erna Solberg i pressekonferansen onsdag.

Ho peika på at det er på plass eit omfattande apparat for å teste og det blir gjort ein kjempejobb med smittespreiing. Ho sa også at kommunane har bygd opp både kompetanse og kapasitet. Det gjer at ein er i ein annan situasjon enn i vår.

Kommunane må ta ansvar

På pressekonferansen vart det vist til at ein er i ein annan situasjon no enn i vår. Det er grunnen til at Regjeringa no vil opne litt opp i tiltaka. Solberg sa at føresetnaden for at ein gjer det er at kommunane lokalt innfører strenge tiltak dersom det blir smitte utbrot. Det er avgjerande at tiltak blir innført raskt lokalt dersom det kjem lokal smittespreiing.

Helseminister Bent Høie opplyste at det blir opna for normal trening i deler av breiddeidretten for dei over 20 år frå 12. oktober. Opninga vil følgje den faseinndelinga som idretten sjølv har utarbeidd.

Frå same dato blir det opna for utandørs arrangement med inntil 600 personar til stades samtidig, fordelt i grupper med inntil 200 personar. Regjeringa vil vurdere om det same kan gjerast for innandørs arrangement.

Kulturminister Abid Raja opplyste at det blir vurdert ei fase to for idretten når ein nærmar seg november.

Eitt sete mellom personar

Raja sa ogs at ein vil opne opp for at det kan vere berre eitt sete mellom personar der det er fastmonterte sete og ikkje to som i dag. Det vil framleis vere grense på maksimum 200 personar. Dette vil også gjelde frå 12. oktober.

Raja sa at når smittesituasjonen gjere det mogleg vil vurdere om ein kan opne opp for inntil 600 personar innandørs.

– Svært gledeleg

– Det er svært gledeleg, seier idrettspresident Berit Kjøll.

Ho opplyser at dette vil omfatte 23.600 idrettsutøvarar i alle kontaktidrettar.

Det som bli opna opp er:

* Ei trinnvis opning av breiddeidrett for vaksne

* Nasjonal skjenkestopp ved midnatt blir oppheva

* Inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørs arrangement, fordelt på grupper på inntil 200 personar.

* Det blir nok med eit sete mellom personar på arrangement med fastmonterte sete.