ALL TESTING I BØ. Drive-in-testing ved Bø frivilligsentral fungerer bra. Alle i kommunen skal nå teste seg her.
BEKYMRA. Kommuneoverlegen i Midt-Telemark kommune opplyser at bemanning kan bli eit problem ved eit stort smitteutbrot i kommunen. Her frå teststasjonen i Bø.

Jobbar nå med smittesporing:

To nye smittetilfelle i Midt-Telemark

Onsdag morgon melder kommuneoverlegen om to nye smittetilfelle i Midt-Telemark.

Midt-Telemark kommune har fått melding om to nye smittetilfelle av covid-19 i kommunen.

Personane som har fått tilbakemelding om positiv test er nå i heimeisolasjon, og ifølgje kommuneoverlegen er ein nå i gang med smittesporing.

Nærkontakter

– Dei som må i karantene blir kontakta av smittesporingsgruppa, blir det meldt i ei pressemelding frå kommunen.

Alle nærkontakter til den smitta skal i smittekarantene. Blir du kontakta gjennom smittesporing, får du beskjed om kva som gjeld for deg, heiter det vidare.

Smittesporing i gang

Med desse smittetilfella er det nå fire personar som har fått påvist koronasmitte etter å ha testa seg i kommunen.

Smittevernlege Solveig Tangen Nielsen ønskjer ikkje å svare på om dei nye smittetilfella er knytt til smittetilfellet som blei påvist sist fredag, og var knytt til Bø skule, før smittesporinga er ferdig. Den pågår nå, onsdag føremiddag.

Sist fredag blei 122 personar knytt til Bø skule sett i førebels karantene etter mistanke om smitte. Smittesporing og testing av aktuelle personar blei raskt sett i gang og resulterte i eitt påvist smittetilfelle.

Den smitta og nærkontaktane til denne blei sett i høvesvis isolasjon og karantene før helga. Deretter blei karantenen for 112 elevar og 10 lærarar og assistentar oppheva.

Saka blir oppdatert.

Faktaboks

Karantene
Blir du sett i smittekarantene skal du:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå besøk
  • Du kan gå tur, men med godt over 1 meters avstand til andre
  • Du kan gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk eller apotek
  • De som bur saman kan omgåast som normalt
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Får du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du isolere deg og teste deg
  • Ved positivt svar skal du over i heimeisolering

Les meir om dette her: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

Testing
Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg.

Ring koronatelefonen på 35 05 93 59, eller send melding til tlf 908 30 217 for å bestille time.

Du treng ikkje gå via fastlege.