MANGE NYE SMITTETILFELLE. Onsdag melder kommunen om mange nye smittetilfelle i Midt-Telemark.
NYE REGLAR: Det har kome nye koronareglar for test og karantene. FOTO: Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Nytt smittetilfelle i Midt-Telemark

Eit nytt smittetilfelle av koronasmitte er oppdaga i Midt-Telemark kommune. Det er knytt til smitte på ein arbeidsplass på Notodden sist veke.

I dag, tysdag, fekk Midt-Telemark kommune stadfesta at ein ny person er smitta av covid-19.

Kommunen melder i ei pressemelding tysdag ettermiddag at den smitta er ein kjent nærkontakt til smitte i samband med ein arbeidsplass på Notodden. Sist veke blei det oppdaga smitte blant fleire personar knytt til denne verksemda. To personar frå Midt-Telemark blei smitta på arbeidsplassen.

https://boblad.no/2020/09/30/smitte-kom-fra-notodden/

Personen som i dag fekk stadfesta positiv smittetest er i heimeisolasjon og smittesporing er allereie gjennomført.

– Dersom nokon må i karantene i samband med det nye smittetilfellet, blir dei kontakta direkte av smittesporingsgruppa, melder kommunen.

Alle nærkontaktar til den smitta skal i smittekarantene. Blir ein kontakta gjennom smittesporing, får ein beskjed om kva ein skal gjere, ifølgje kommunen.

Faktaboks

Karantene
Blir du sett i smittekarantene skal du:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå besøk
  • Du kan gå tur, men med godt over 1 meters avstand til andre
  • Du kan gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk eller apotek
  • De som bur saman kan omgåast som normalt
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Får du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du isolere deg og teste deg
  • Ved positivt svar skal du over i heimeisolering

Les meir om dette her: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

Testing
Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg.

Ring koronatelefonen på 35 05 93 59, eller send melding til tlf 908 30 217 for å bestille time.

Du treng ikkje gå via fastlege.