HAR KONTROLL. Kommuneoverlege Kristin Sekse opplyser at ein har god kontroll på koronasmitte i Midt-Telemark.
FÅR HEIDER: Kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome, Kristin Sekse, har fått pris for arbeidet sitt under pandemien. FOTO: Hilde Eika Nesje

Kommuneoverlegen:

Ber alle om å føre enkel dagbok

Denne veka er det registrert tre koronasmitta personar i Midt-Telemark. Alle er knytt til eit tidlegare utbrot i ei verksemd på Notodden. Nå ber kommuneoverlegen folk om å føre dagbok.

Ifølgje kommuneoverlege Kristin Sekse er smittesituasjonen i Midt-Telemark nå stabil. Tysdag meldte ho inn tre personar som fortsatt er smitta av covid-19 i kommunen. To av dei er knytt til verksemda NEL på Notodden, som fekk eit smitteutbrot blant dei tilsette i slutten av september. Den tredje smitta er ein nærkontakt til ein av desse.

– Me har kontroll på desse smittetilfella. Dei har det bra og held seg heime for å bli friske, seier Sekse.

Fem smitta til nå

I tillegg til desse tre er det tidlegare registrert ein smitta person som var knytt til ein kortvarig karantene på Bø skule, i tillegg til ein som kom reisande hit frå Oslo.

– Desse fem har testa positivt for covid-19 i Bø. Me har også registrert to andre smittetilfelle, men det gjeld personar som ikkje bur her og heller ikkje har testa positivt her, men som har folkeregistrert adresse i Midt-Telemark, seier Sekse.

Skeptiske studentar

Kommuneoverlegen opplyser at det fortsatt er mange som testar seg i Midt-Telemark.

– Den siste veka er det rundt 150 personar som har testa seg. Det er ganske bra. Folk er flinke til å teste seg viss dei får symptom på smitte, seier Sekse, og legg til at testgruppa også har vore på universitetet, der rundt 40 studentar testa seg for smitte. Ingen testa positivt på prøvene.

– Me opplevde at ein del studentar var skeptiske til å teste seg fordi det passa dårleg å måtte vente på prøvesvaret, seier Sekse, som likevel er glad for at ein del studentar ville teste seg.

– Alle bør føre dagbok

– Viss det kjem smitte blant ungdom og unge vaksne i kommunen, må me nok ta ut store grupper, som heile skular og klasser, i karantene. Enkelte unge som blir smitta viser seg ofte å vere superspreiarar som har vore i kontakt med veldig mange, derfor må det strenge tiltak til dersom smitte kjem i denne gruppa, seier Sekse.

Ho anbefaler alle innbyggjarar å føre enkel dagbok over kor dei har vore og kven dei har vore saman med den siste veka.

– Det lettar smittesporinga enormt. Blir ein smitta må ein ofte hugse tilbake ei veke for å få varsla alle ein kan ha smitta, så det kan vere lurt for alle å føre dagbok eller å ta bilde dagleg der ein ferdast, seier Sekse.

Godt rusta til større smitteutbrot

Kommuneoverlegen opplyser at kommunen nå er godt rusta til eit storutbrot av smitte, sjølv om det sjølvsagt kan bli krevjande.

– Me fekk testa oss ved innføring av karantene på Bø skule og i Nome for ikkje lenge sidan, og det fungerte bra. Utfordringa er at det er sårbart og går utover andre tenester i kommunen når me brukar helsesjukepleiarar i smittesporingsarbeidet, sjølv om me har ekstra smittesporingsteam i beredskap, seier Sekse.

Folk er skjerpa

Med større smittespreiing i samfunnet opplever Sekse at folk nå er meir skjerpa, og det meiner ho me fortsatt skal vere.

– Folk er litt leie når dei ikkje ser enden på dette, samtidig er dei fleste flinke til å følgje smittevernråda frå myndigheitene. Me har vendt oss til reglane og lagt om vanene våre slik at til dømes det å sprite seg inn og ut av butikkar går automatisk. Eg ser også at mange er veldig flinke til å vaske hender og halde god avstand til andre, og det er det beste me alle kan bidra med, seier Sekse.

Skryter av serveringsbransjen 

Kommuneoverlegen skryter elles av serveringbransjen i Midt-Telemark som har lagt om verksemdene sine i lang tid framover på grunn av smittevernreglar og situasjonen elles.

– Eg er særleg imponert over dei to nyetablerte restaurantane i Bøgata, Sesong og Provence, samt dei nye eigarane på Husly, som startar opp i ei vanskeleg tid. Dei skaper noko nytt i kommunen under strenge restriksjonar og gjer det med positivt driv, seier Sekse.