MANGE NYE SMITTETILFELLE. Onsdag melder kommunen om mange nye smittetilfelle i Midt-Telemark.
NYE REGLAR: Det har kome nye koronareglar for test og karantene. FOTO: Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Positivt covid-19 tilfelle utanfor kommunen

Midt-Telemark kommune fekk i går melding om at ein ny person har testa positivt for covid-19.

I går, måndag, fekk Midt-Telemark kommune melding om at ein person har testa positivt for covid-19 tilfelle. Den smitta er folkeregistrert i kommunen, men har ikkje vore her sidan tidleg i oktober.

Personen er testa og har fått påvist smitte i ein annan kommune, der vedkomande går på skule. Det er derfor ikkje nødvendig med smittesporingstiltak i Midt-Telemark.

Rask testing

Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg. Ved mistanke om smitte kan ein ringe koronatelefonen på 35 05 93 59, eller sende melding til telefonnummer 908 30 217 for å bestille time. Ein treng ikkje gå via fastlege.

Faktaboks

Karantene
Blir du sett i smittekarantene skal du:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå besøk
  • Du kan gå tur, men med godt over 1 meters avstand til andre
  • Du kan gjere heilt nødvendige ærend i matbutikk eller apotek
  • De som bur saman kan omgåast som normalt
  • Dei du bur med er ikkje i karantene
  • Får du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du isolere deg og teste deg
  • Ved positivt svar skal du over i heimeisolering

Les meir om dette her: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

Testing
Alle med symptom på covid-19 skal teste seg så raskt som muleg.

Ring koronatelefonen på 35 05 93 59, eller send melding til tlf 908 30 217 for å bestille time.

Du treng ikkje gå via fastlege.